Opna hovudmenyen

Paul Andreas Olsson Fjermstad (8. november 184112. mars 1921) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Strinda i Sør-Trøndelag.

Paul Fjermstad
Paul Fjermstad.JPG
Fødd 8. november 1841

Strinda

Død 12. mars 1921
Strinda
Parti Venstre

Fjermstad var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han Klæbu seminar, og vart seminarist i 1861. Han var lærar 1861-62 i Børsa og 1862-66 ved Trolla Bruk i Trondheim. Dei to neste åra var han lærar og kyrkjesongar i Nesset i Romsdal og attåt lærar ved ein lærarskule i bygda. 1868-71 var han lærar og kyrkjesongar i Børsa. Etter å ha forpakta kyrkjegarden i Børsa ei tid, kjøpte han i 1873 ein gard i Melhus. Denne garden selde han i 1879 og kjøpte garden Reitgjerdet i fødebygda Strinda. Han dreiv Reitgjerdet til 1898, då kjøpte han Vestre Moholt i same heradet.

Fjermstad var medlem av heradsstyret i Nesset 1867-68, i Børsa 1870-71, Melhus 1874-79, Strinda 1899-1910. Ordførar i Strinda 1899-1908. Han hadde ei rekke verv for offentlege og private institusjonar og tiltak. Mellom anna var han formann for landbruksskulen i amtet, medlem av amtsutvalet, av tilsynskommisjonen for Rotvoll asyl frå 1889 og pleiestiftinga Reitgjerdet frå 1900. Medlem av representantskapen i Noregs Bank 1884-90. Styreformann i A/S Strinda Teglverk. Elles var han medlem av vassdragskommisjonen av 1909.

Fjermstad representerte Søndre Trondhjems amtStortinget periodane 1886-88, 1898-1906, og Strinda krins 1906-09 og 1913-15. Han møtte fyrste gongen på Stortinget 5.-26. juni 1884, som 1. varamann i staden for Diderik Iversen, var då medlem av vegkomiteen. Valperioden 1886-88 var han medlem av kyrkjekomiteen. Frå 1898 til 1909 var han medlem av Lagtinget og av vegkomiteen, sekretær i komiteen 1906-07 og nestformann 1908-09. Også i sin siste periode på tinget, 1913-15, var han med i Lagtinget og vegkomiteen, var både nestformann og formann i vegkomiteen. I 1913 også medlem av reguleringskomiteen.

Han døydde på Moholt i Strinda i 1921.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914