Paul Jones (fødd 24. februar 1942 som Paul Pond)[1] er ein engelsk songar, skodespelar, munnspelspelar, radiopersonlegdom og programleiar på fjernsyn.

Paul Jones

Jones in 1967
Fødd24. februar 1942 (82 år)
FødestadPortsmouth, Gosport
FødenamnPaul Pond
AliasPaul Jones
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til i dag
SjangerPop, blues
Instrumentvokal, munnspel
Tilknytte artistarManfred Mann
Eric Clapton's Powerhouse
The Blues Band
The Manfreds
PlateselskapVertigo Records
Verka somskodespelar, filmskodespelar, songar, programleiar, radioprogramleiar, teaterskodespelar, songar-låtskrivar, fjernsynsskodespelar

Som frontmann i Manfred Mann frå 1963 til 1966 var Paul Jones ein av dei fremste vokalistane i den britiske invasjonen, og song blues, R&B og energirik pop/rock med ei tiltalande blanding av glattheit og sjel.[2]

Så tidleg som i 1965 spekulerte pressa i om Jones, som var ein den einaste i Manfreds som hadde tenåringsappellen, ville forlate gruppa for ein solokarriere. Jones og gruppa benekta desse rykta ei stund, men Jones leverte inn avskjeden sin seint i 1965, men vart verande med bandet det meste av 1966, medan dei søkte etter ein erstattar. Jones ønskte i tillegg til å starte solokarrieren sin, starte ein karriere som skodespelar og fekk snart ei rolle i kultfilmen Privilege, der han spelte ein popsongar. Jones song òg nokre songar i filmen, mellom anna «Set Me Free», som vart covra av Patti Smith i midten av 1970-åra.

Jones hadde nokre hittar i Storbritannia i 1966 og 1967 med «High Time» og «I've Been a Bad Bad Boy», men solokarrieren hans tok aldri av i USA. Begge desse singlane var glatte poplåtar som fekk han til høyres meir ut som Tom Jones enn del tidlegare Paul Jones. Etter dette hadde ikkje Jones noko vidare suksess i Storbritannia.

Jones skifta fokus frå plateartist til å bli musikalartist, noko han framleis held på med. Han gjekk etter kvart attende til bluesrøtene sine og song i det mindre Blues Band, og deltok på fleire attforeiningar med Manfred Mann. Eit nytt album, Showcase, kom ut i 2001 på Hallmark Records.

Solodiskografi endre

Album endre

  • My Way (1966)
  • Sings Privilege & Others (1967)
  • Love Me, Love My Friends (1968)
  • Come into My Music Box (1969)
  • Crucifix in a Horseshoe (1972)
  • Starting All Over Again (2009)

Hitsinglar endre

  • "High Time» (1966) — UK nr. 4[3]
  • "I've Been a Bad, Bad Boy» (1967) — UK nr. 5
  • "Thinkin' Ain't for Me» (1967) — UK nr. 32
  • "Aquarius» (1969) — UK nr. 45

Kjelder endre

  1. «Biography by Richie Unterberger». Allmusic.com. Henta 10. september 2014. 
  2. Allmusic
  3. British Hit Singlar, Paul Gambaccini, Tim Rice & Jo Rice, Guinness Publishing Ltd., 7th edition, 1989

Bakgrunnsstoff endre