Paul Motian

amerikansk musikar

Stephen Paul Motian (25. mars 193122. november 2011)[1] var ein amerikansk jazztrommeslagar som blir rekna som ein av dei viktigaste jazztrommisane i verda.[2]

Paul Motian

Statsborgarskap USA
Fødd 25. mars 1931
Philadelphia
Død

22. november 2011 (80 år)
New York by

Yrke komponist, jazztrommis, perkusjonist, orkesterleiar, plateartist
Språk engelsk
Medlem av Paul Motian and the Electric Bebop Band, Eddie Costa Trio, The Bill Evans Trio

Motian, som var av armensk avstamming, vart fødd i Philadelphia og voks opp i Providence, Rhode Island.[1] Han flytta til New York i 1954. Etterkvart vart han kjend for dei ulike pianotrioane han arbeidde med. Frå 1959 til 1964 spelte han i Bill Evans sin trio i lag med bassisten Scott LaFaro. Dei utvikla ein spelestil som la relativt meir vekt på samspelet musikarane mellom enn på bassen og trommene sine roller som «time keepers». Etter innspelinga til blant anna Sunday at the Village Vanguard, slutta Motian hos Bill Evans fordi han tykte han var blitt for kommersiell.[3] Seinare spelte Motian i Paul Bley (1963-4) og Keith Jarrett (1967-1976) sine trioar.

I 1970-åra byrja Motian å komponere eige materiale og gje ut plater på plateselskapet ECM. Etter denne tida arbeidde han med mellom andre Charlie Haden, Bill Frisell, og Joe Lovano. I byrjinga av 1990-åra starta han Electric Bebop Band med ein besetning beståande av to saksofonistar og to gitaristar. I tillegg var Motian mykje etterspurd som studiomusikar, og han deltok på ei rekkje plateinnspelingar med mange ulike jazzartistar.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Nekrolog av Ben Ratliff i The New York Times 23. november 2011
  2. Ben Ratliff i The New York Times, 20. januar 2006: «History has shaken him out as one of the greatest drummers in all of jazz - a select group that would include, say, Max Roach and Roy Haynes.»
  3. Ben Ratliff i The New York Times 20. januar 2006

Bakgrunnsstoff endre