Paulus Irgens Odberg
Jens Paulus Irgens Odberg (2. september 1886–3. juli 1972) var ein norsk sakførar og og Høgre-politikar frå Hedrum i Vestfold. Han var stortingsmann 1937-45 frå valkrinsen Vestfold.
Paulus Irgens Odberg | |||
| |||
Fødd | 2. september 1886 Hedrum kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 3. juli 1972 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | advokat | ||
Barn | Per Odberg | ||
Alle verv |
|
Far hans var gardbrukar på Odberg. Sjølv gjekk han Larvik gymnasium og var frå 1905 vernepliktig offiser. Der etter studerte han ved Universitetet i Kristiania og tok cand.jur.-eksamen i 1909. Han var så eidsvoren fullmektig hos byfuten i Sandefjord frå desember 1910 til februar 1913. 1913/14 gjekk han Krigsskulen og vart utnemnd til sekondløytnant i kavaleriet.
Frå 1914 arbeidde Odberg som overrettssakførar i Sandefjord. I 1919 vart han eigar av farsgarden Odberg, der forpaktar stod for den daglege drifta. Frå 1936 var Odberg offentleg forsvarar i straffesaker ved Sandar heradsrett og Sandefjord byrett.
Odberg var medlem i Sandar heradsstyre frå 1925, varaordførar 1928-31 og ordførar 1931-37. Den siste treårsperioden som ordførar var han formann ved fylkestingssamlingane i Vestfold. Hausten 1936 vart han vald til å representere Vestfold og Høgre på Stortinget. Han var medlem i Kommunalkomiteen til 1940, der etter formann i Finanskomiteen.
Elles var Odberg ei tid styreformann i Privatbanken i Sandefjord og 1935-45 styremedlem i Vestfold Kraftselskap, samt 1936–45 styremedlem i fylkessjukehuset.