Pave Klemens I

italiensk prest

Klemens I (død 97 ifølge usikre kjelder) var pave frå 88 til 97. Han vart ofte kalla Clemens Romanus, Klemens av Roma, for å skillje han frå Klemens av Alexandria.

Klemens

Clemens
DåpsnamnClemens
FøddUkjend
Roma
DødCa. 99
Roma
ValdCa. 88
InnsettCa. 88
Saligkåra:Kort tid etter sin død.
Heilagkåra:Kort tid etter sin død.
Festdag:23. november andre datoar i andre kyrkjer
Føregangar:Kletus I
Etterfylgjar:Evaristus

Klemens vart fødd i Roma omkring midten av det første hundreåret. Tradisjonen fortel at han var son av ein Faustinus. I brevet sitt til korintarane nyttar han sitat frå Det gamle testamente på ein måte som har fått mange til å meine at han må ha vore av jødisk slekt. Det er store moglegheiter for at faren var ein frigjeven slave. Klemens vart oppseda som heidning, men etter å ha høyrt apostelen Barnabas preike vart han omvendt. Apostelen døypte han og tok han med til Peter, som skal ha utnemnt han til sin etterfølgjar. I nokre tidlege pavelister blir han nemnd som den andre pave.

Nokre av kyrkjefedrane identifiserer han med den Klemens som Paulus nemner i brevet til Filipparane, men dette var sannsynlegvis ein annan person; det er ingen teikn på at pave Klemens nokon gong budde eller arbeidde i Filippi. På 1800-talet vart han identifisert med konsulen Titus Flavius Clemens, ein fetter av Domitian, som i 95/96 vart avretta for «ateisme», det vil seie anten jødisk eller kristen tru. Dei eldste kjeldene nemner ikkje dette, og Klemens ser ut til å ha levd eitt eller to år lenger. Det er også tvilsamt om han var av keisarleg familie.

Ifølgje både Tertullian og Hieronymus vart han ordinert av Peter. Ifølgje eit av hans eigne brev avslo han pavembetet etter Peters død, og derfor tok Linus over, etterffølgd av Kletus. Først i 88 aksepterte Klemens utnemninga til Romas bispesete.

Klemens skal ha vore ansvarleg for å innføre ein klår seremoni for ferming, og han innførte bruken av ordet «amen» i seremoniar.

På grunn av ei samanblanding med konsulen Clemens vart Klemens etterkvart rekna som martyr. Det verker klårt at han ikkje døydde i Roma, men i eksil. Ein legende fra 300-talet fortel at han vart dømd til tvangsarbeid i marmorbrota ved KhersonnesosKrimhalvøya, og at han der utførte ei rad mirakel. Han skal til slutt ha blitt bunde til eit anker, og kasta på sjøen der han leid martyrdøde. Det er ikkje noko historisk grunnlag for denne legenda, men den har ført til at han er vernehelgen for mellom andre sjøfolk og marmorarbeidarar.

Kyrkja San Clemente i Roma er via til Klemens, og relikviane hans skal vere gravlagt under høgalteret. Under dagens kyrkje ligg ei eldre kyrkje, som vart forlaten i 1108 då ho stod i fare for å rase. Ho vart kasta full av jord, og den nye vart bygd over. Under der igjen ligg romerske bustadhus, og eit av dei skal vere huset Klemens budde i som barn.

Brevet til korintarane endre

Klemens er særleg kjent for brevet sitt frå kyrkjelyden i Roma til kyrkjelyden i Korint, kjent som første Klemensbrev. Han skreiv brevet mellom 93 og 97, og fortalte om Peters opphald i Roma, Paulus' misjonsreise i Spania og martyrdøden til dei to apostlane. Brevet inneheld den første referansen til apostolisk suksesjon og lekfolk. Bakgrunnen for brevet er at nokre kristne i Korint hadde gjort opprør mot leiarane i kyrkjelyden. Brevet er det første eksempelet på at kyrkjelyden i Roma grip inn overfor ei anna kyrkje. I Korint vart brevet godt mottatt, og kyrkjelyden las det i fleire år høgt i kyrkja, på linje med tekstar frå Bibelen. Derfor vart det og vurdert om det skulle bli rekna som ei del av Det nye testamente, det vart tilslutt avgjort at det var ein viktig, men ikkje guddommeleg inspirert, tekst.

Kjelder endre