Peder Ellingsson Voje (2. oktober 182726. februar 1907) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Drangedal i Telemark.

Peder E. Voje
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. oktober 1827
Drangedal
Død

26. februar 1907 (79 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Voje tok over farsgarden i 1865 og dreiv denne. I 1887 vart han eigar av garden Lundereid i Sannidal sokn og busette seg der i 1903. Litt før 1910 busette han seg på garden Dal i Sannidal, ein gard han hadde eigd sidan 1861.

Voje var ordførar i Drangedal 1863-81, på nokre få år nær. Han var medlem av Bandakkomiteen og av den fyrste jarnbanekomiteen i amtet. Elles styreformann i Drangedals trelastbolag.

Voje representerte Bratsbergs amtStortinget frå 1868 til 1876. På alle tingsamlingane var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, 1873-76 også av Lagtinget.

Kjelder endre