Peder Eilertson

Peder Eilertson (14. august 18406. desember 1912) var ein noræsk lærar, postmeister og stortingsmann frå Dønnes i Nordland.

Peder Eilertson
Fødd 14. august 1840
Død

6. desember 1912 (72 år)

Yrke politikar

Eilertson var son til ein husmann og fiskar. Han var sjølv fiskar i yngre år, og i 1859 lærar i Herøy. Deretter gjekk han seminaret i Tromsø, eksamen 1861. Same året tok han til som lærar og kyrkjesongar i Loppa, men hoppa straks over i same stillingane i Talvik. I 1891 vart han lærar i Mo i Rana. Åra 1893-1905 var han postmeister i Vadsø.

Eilertson var ordførar i Talvik frå 1875 til 1891, og forlikskommissær 1865-91. Også forlikskommissær i Vadsø 1905-07. Stortingsperioden 1871-73 var han 1. varamann frå Finmarkens amt. Eit tiår seinare, 1880-82 var han 2. representant på Stortinget frå same valkrinsen. Han var då medlem av budsjettkomiteen.

Eilertson busette seg i 1907 i Vik i Helgeland, der han døydde fem år seinare.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914