Kolstad-regjeringa
(Omdirigert frå Peder L. Kolstad si regjering)
Peder Kolstad si regjering blei utnemnd den 12. mai 1931. Det var ei regjering som gjekk ut frå Bondepartiet.
Etter at statsminister Peder Kolstad døydde den 5. mars 1932 blei regjeringa omdanna til Jens Hundseid si regjering den 14. mars same året.
Statsminister Peder Kolstad fekk sjukepermisjon den 1. februar 1932, og døydde 5. mars same året. Birger Braadland overtok som fungerande statsminister, men medan han var i Geneve var Nils Trædal fungerande statsminister.
Kjelder
endre- «Peder Kolstads regjering 12. mai 1931 - 14. mars 1932». Regjeringa.no. Henta 9. oktober 2014.