Jon Sundby

norsk politikar

Jon Sundby (8. juni 188314. desember 1972) var ein norsk gardbrukar, politikar og organisasjonsmann frå Vestby i Akershus. Han var statsråd 1931-33 og stortingsrepresentant for Bondepartiet frå 1922 til 1945.

Jon Sundby

Fødd8. juni 1883
Vestby kommune
Død14. desember 1972 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
Alle verv

Liv og gjerning endre

Sundby vart utdanna ved Sem landbruksskole i Asker og til 1905 ved Noregs landbrukshøgskule. Med offentleg stipend studerte han ei tid ved Illinois College of Agriculture i USA.

Åra 1906-11 var Sundby lærar på Sem landbruksskole, og var deretter styrar i to år. Han var i 1911 assistent ved Selskabet for Norges Vel sine jordbruks-undersøkingar. I perioden 1909-21 reiste han fleire gongar i Vest-Europa som konsulent for Norsk Hydro. År 1912 tok han over farsgarden Sundby i Vestby.

Sundby var 1913-16 og 1925-28 medlem av heradsstyret i Vestby. Frå 1922 til 1945 representerte han det nystarta Bondepartiet på Stortinget, vald frå Akershus i seks periodar. Han var heile tida medlem i Landbrukskomiteen, formann i dei to siste stortingsperiodane, 1934-45.

Då Bondepartiet fekk regjeringsmakta i 1931, var Sundby fyrst landbruksminister i Kolstad-regjeringa og deretter finansminister medan Jens Hundseid var statsminister. I denne perioden og vidare var han heilt sentral i å utvikle det norske systemet med sterke samvirkeorganisasjonar i landbruket og offentlege stønadsordningar til landbruksnæringa.

Sundby hadde mange offentlege verv, mellom anna var han styremedlem i Noregs Bank frå 1938 til 1944 og atter i nokre år etter verdskrigen. Også i organisasjons- og næringslivet hadde han talrike verv. Frå 1934 var han formann i Norske Melkeprodusenters Landsforbund og frå 1946 også i Landbrukets Sentralforbund. Han trekte seg frå begge desse posisjonane i 1957. Sundby var leiar i Selskabet for Norges Vel frå 1938 til han vart avsett av NS-styret i 1943. Frå 1938 var Sundby medlem av landsstyret i Bondepartiet.

Sundby var ein flittig skribent og skreiv fleire bøker om landbruksspørsmål. Ei tid redigerte han «Jorden og grøden», landbrukssidene i avisa Nationen. Seinare var han landbruksmedarbeidar i avisa Tidens Tegn. Til 70-årsdagen hans i 1953 kom festskriftet En epoke i norsk jordbruk.

Ymse endre

Jon Sundby var oldefar til seglaren og OL-vinnaren Siren Sundby.

Bibliografi endre

Kjelder endre