Peder Martinsson Fadum

Peder Martinsson Fadum (10. juni 180712. september 1876) var ein norsk gardbukar og stortingsmann frå Øvre Eiker i Buskerud.

Peder Martinsson Fadum
Fødd 10. juni 1807
Øvre Eiker
Død

12. september 1876 (69 år)
Sem kommune

Yrke bonde, politikar

Fadum var fødd på garden Horgen i Øvre Eiker, der faren var gardbrukar. Noko seinare flytta faren til Fadum i Sem i Vestfold og var gardbrukar der. I yngre år var han elev på borgarskulen i Tønsberg, vart så gardbrukar på farsgarden. Frå 1854 var han i tillegg arbeidsstyrar ved telegrafanlegg.

Fadum var ordførar i heradsstyret og medlem av forlikskommisjonen i Sem. Han var stortingsrepresentant frå Jarlsberg og Larviks amt 1851-58. I 1851 var han medlem av konstitusjonskomiteen og arbeidarkomiteen, 1854 og 1857 av vegkomiteen.

Fadum døydde i Sem i 1876.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914