Peder P. Spilling
Peder Pedersson Spilling (15. februar 1840–6. mai 1914) var ein norsk gardbrukar, utskiftingsmann, ordførar og stortingsmann frå Audnedal i Vest-Agder.
Peder P. Spilling | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. februar 1840 Audnedal kommune |
Død | |
Yrke | politikar, bonde |
Språk | norsk |
Spilling var son til ein gardbrukar. Han gjekk på amtet sin høgare allmennskule 1855-56. Seinare, 1861-62, fekk han privat undervisning hos utskiftingsformannen i amtet, og atter seinare hos ein oberstløytnant i Kristiansand.
Spilling tok over farsgarden i 1865 og dreiv han til 1910. 1896-1910 var han i tillegg utskiftingsformann i det som i dag er Vestfold, Telemark og Agder-fylka, samt 1897-1906 styrar av skjønnsforretningar i Lister og Mandals amt og i Romsdals amt.
Han var ordførar i heradsstyret 1879-1904. Elles var han forlikskommissær frå 1884 og formann i amtsskulestyret frå 1896. Vidare var han formann i Vest-Agder skogselskap 1902-12, og hadde tidlegare vore medlem av styra for både amtet sin landbruksskule og sjukehuset i amtet.
Spilling var 1. representant frå Lister og Mandals amt på Stortinget 1877-79. Han var medlem av næringskomite nr 2. I 1878 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om utskipinga.
Spilling var innehavar av St. Olavs Orden.
Peder E. Spilling, som også var stortingsrepresentant, var sonen hans.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak (1914). «Spilling, Peder Pedersen». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: [Steenske bogtrykkeri]. s. 815.
- Haffner, Vilhelm (1949). Stortinget og statsrådet: med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Oslo: [Aschehoug]. s. 49.
- Biografisk informasjon om Peder P. Spilling NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv