Peder E. Spilling

norsk stortingspolitikar

Peder Einar Pedersson Spilling (19. januar 18701. juli 1920) var ein norsk gardbrukar frå Nord-Audnedal i Vest-Agder som representerte einmannskrinsen Mandalen og partiet Venstre i tida 1916-20. Peder P. Spilling var far hans.

Peder E. Spilling

Fødd19. januar 1870
Død1. juli 1920 (50 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde
Alle verv

Peder E. Spilling gjekk skogskule på Kongsberg og var frå 1900 skogassistent, hovudyrket var likevel drifta av farsgarden Spilling som han overtok i 1899. Då Vigmostad herad vart oppretta frå 1911 var Spilling medlem i heradsstyret til han døydde, ei tid også ordførar. Som ordførar fekk han fleire verv i amtet, både kva gjaldt skule, vegstellet og bekjempinga av tuberkulosen. Hausten 1915 vart han vald til stortingsmann frå krinsen Mandalen, attvald 1918, trass i at han ikkje møtte 1916-sesjonen, grunna sjukdom. Han døydde sommaren 1920, seks veker før den andre sesjonen i tingbolken 1919-21 var over, og vart erstatta av Gabriel Moseid. På Stortinget var Spilling fyrst medlem i Gasje- og pensjonskomiteen, frå 1919 Vegkomiteen.

Kjelder

endre