Peder Rygh
Peder Strand Rygh (7. august 1800–15. april 1868) var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Overhalla. Oluf, Karl og Evald Rygh var sønene hans.
Peder Rygh | |
Fødd | 7. august 1800 Overhalla |
Død | |
Yrke | bonde, politikar, lensmann |
Rygh var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1826. Han arbeidde på futekontoret i Inderøy, der han etter kvart var fullmektig og så fungerande sorenskrivar. Frå 1832 var han lensmann i Verdal. Fire fyrste lensmannsåra budde han på Stiklestad, seinare på garden Haug som han kjøpte.
Rygh representerte Nordre Trondhjems amt på Stortinget periodane 1839-45, 1854-58 og 1862-66. Både i 1851 og 1859-60 vart han vald til representant, men nekta å take mot val. I alle åra som stortingsmann var han medlem av Lagtinget, visesekretær 1839-45. Elles medlem av justiskomitear 1839-45, 1862-63 og 1865-66, av komiteen om lensmannslova 1845, og han var sekretær i vegkomiteen 1854-57. I tillegg var han medlem av nokre komitear kring enkeltsaker.
Rygh døydde på garden sin i Verdal i 1868.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914