Pekingmennesket

underart av pattedyr

Pekingmennesket (kinesisk: 北京猿人; pinyin: Běijīng Yuánrén) er populærnamnet på dei fossila av Homo erectus som vart funne i Zhoukoudian nær Beijing i Kina. Leivningar vart først oppdaga 1923–27, og fekk då namnet Sinanthropus pekinensis. Seinare innsåg ein at desse funna tilhøyrde same art som Javamennesket, og dels var tilstrekkeleg menneskelike til å høyra heime i slekta Homo, og Pekingmennesket vart då innordna i arta Homo erectus. Det finst likevel forskarar som har halde på Homo erectus pekinensis som ei eiga underart av Homo erectus.

Den først oppdaga skallen av eit pekingmenneske
(på grunnlag av ein kopi)
Zhoukoudian i juli 2004

Alder endre

Funna vart først daterte til å vera mellom 250 000 og 400 000 år gamle, dvs frå pleistocentida. Seinare er detta vorte justert av fleire forskarar til om lag for 500 000 år sidan, men ei ny 26Al/10Be datering indikerer at dei kan vera så gamle som frå 680 000-780 000 år sidan.[1]

Dei første fossila endre

Dei første studia i Zhoukoudian byrja i 1921 med ei utforsking av ei mengd holer i sandstein. Ifølgje nedteikningar gjort av Otto Zdansky, som arbeidde for geologen Johan Gunnar Andersson, leia ein lokal innbyggjar arkeologane til kva som i dag er kjend som Drakebeinskollen, ein stad fullt av fossiliserte bein. Zdansky byrja seinare ei eiga utgraving og fann bein som likna menneskelege molarer. I 1926 tok han dei til Beijing til Peking Union Medical College, der den kanadiske anatomen Davidson Black analyserte dei. Han publiserte seinare funna sine i tidsskriftet Nature.

Rockefeller Foundation gjekk med på å finansiera arbeidet ved Zhoukoudian. I 1929 tok dei kinesiske arkeologane Yang Zhongjian og Pei Wenzhong over og seinare heldt fram Jia Lanpo utgravningene. Under dei følgjande sju år avdekte dei fossila frå meir enn 40 arter. Blant desse var seks nær fullstendige hjerneskålar. Pierre Teilhard de Chardin, Henri Breuil og Franz Wiedenreich var òg involverte.

Det første eksemplaret av Homo erectus var vorte funnen på øya Java i 1891 av Eugene Dubois, og Javamennesket vart til å byrja med kalla Pithecanthropus erectus men vart seinare overført til slekta Homo.

Utgravingane slutta i juli 1937 då Japan okkuperte Beijing. Fossila frå Pekingmennesket vart plassert i ein safe på Cenozoic Laboratory. I november 1941 pakka sekretæren Hu Chengzi ned fossila for å senda dei til USA for å halda dei der til slutten til krigen. Dei forsvann sporløst på vegen til hamnebyen Qinhuangdao. Truleg var dei med ei gruppe amerikanske marinesoldatar som japanarane fanga då krigen mellom Japan og USA starta.

Fleire forsøk på å lokalisera fossila har slått feil. I 1972 utlova den amerikanske finansmannen Christopher Janus 5 000 USA-dollar for dei bortkomne skallane; ei kvinne kontakta han men kravde 500 000 USA-dollar. Ho forsvann sporlaust. Janus vart seinare skulda for underslag. I juli 2005 grunnla den kinesiske regjeringa ein komité for å finna beina.

Det finst ei rekkje teoriar om kva som kan ha hendt, òg ein som seier at beina sokk med det japanske skipet Awa Maru i 1945.

Funnstaden til Pekingmennesket i Zhoukoudian vart i 1987 sett på UNESCO si verdsarvsliste. Nye utgravingar vart sett i gang i området i juni 2009.

Paleontologiske konklusjonar endre

På grunn av at alle førkrigfunna i Zhoukoudian gjekk tapt på ferda til USA, har seinare forskarar måtta støtta seg til eksisterande skrifter og modellar frå dei opphavlege oppdagarane.

Inntilliggende funn av dyrerester og bevis på bruk av eld, verktøy og andre reiskapar vart nytta for å støtta at Homo erectus var den første verktøyarbeidaren. Analysane av leivningane til Pekingmennesket førte til konklusjonen at Zhoukoudian og Javafossila var døme på same breie steg i evolusjonen til mennesket. Detta er òg den offisielle haldninga til Kinas kommunistparti .

Denne tolkinga vart likevel utfordra i 1984 av Lewis Binford, som hevda at Pekingmennesket var åtseleter, ikkje jeger. I 1998 drog eit team frå Weizmanns forskingsinstitutt, med Steve Wierner i spissen, konklusjonen at det ikkje var nokon eigenlege bevis på at Pekingmenneskent hadde nytta eld. Dette var ikkje populært i Kina der at Pekingmannen beherska eld vert sett på som startpunktet for det kinesiske kjøkenet.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Pekingmennesket» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juni 2020.
  • Jake Hooker: The Search for the Peking Man (Archaeology magazine March/April 2006)
  • Lanpo Jia og Huang Weiwen: The Story of Peking Man: From Archaeology to Mystery. Oxford University Press, USA, 1990.
  • Sigrid Schmalzer: The People's Peking Man: Popular Science and Human Identity in Twentieth-Century China. The University of Chicago Press, 2008.
  • R. Wu og S. Lin: “Peking Man.” Scientific American 248, no. 6 (1983): 86-94.