Pelshandel er ein verdsomfattande industri som omhandlar kjøp og sal av dyrepels. Sidan verdsmarknaden vart oppretta i tidleg moderne tid har pels frå boreale, arktiske og kaldtempererte pattedyr vore mest verdsett. Historisk hadde handelen stor innverknad i utforskinga og koloniseringa av Sibir, nordlege Nord-Amerika og Sør-Shetland og Sør-Sandwichøyane.

Ein pelshandlar frå Alberta i 1890-åra.
Pelshandel i Nizjnij Novgorod (før 1906)

I dag er ikkje lenger pelshandelen like viktig og er stort sett basert på pelsfarmar og autorisert viltjakt. Mange dyrerettsorganisasjonar er imot pelshandel og meiner at det vert nytta skånsellause metodar, medan dei som støttar pelshandelen meiner at metodane ikkje er skånsellause, at det er rike dyrebestandar og at dei har rett til å praktisere ein tradisjonell livsstil.

Pels har i dag delvis blitt erstatta av syntetiske etterlikningar.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra