Tidleg nytid

(Omdirigert frå Tidleg moderne tid)

Tidleg moderne tid eller tidleg nytid er eit historisk tidsrom som særleg viser til Europa frå slutten av mellomalderen og byrjinga av det lange nittande hundreåret, frå kring 1450 til 1789.

Den tidlege moderne tida er karakterisert av ei raskare utvikling av vitskap, og snøgg teknologisk og økonomisk framgang og vekst og utvikling mot nasjonalstaten - som i hovudsak vart oppfylt på 1800-talet. Mykje av den sterke utviklinga kom av utviklinga av boktrykkarkunsten i Europa, oppdaginga og koloniseringa av Amerika, ein sterk modernisering av landbruket, manufaktur og anna effektivisering av produksjon av varer, betring i transport som medførte levering av tenester og ein markant auke av handel.

Byrjinga av perioden, kring 1450, var ei tid dominert i europeisk samanheng av italienske bystatar som Venezia, Firenze, Genova og Milano. Desse byane hadde i lengre tid drive svært vidstrekt handel i Middelhavet, og hadde tent seg rike på å bli med på handel frå Silkevegen. Det var òg her den kulturelle utviklinga var størst i byrjinga. Musikk, kunst, litteratur og vitskap blomstra i desse bystatane. Etter kvart som Frankrike lukkast å byggja seg opp etter hundreårskrigen, blei dei sjølv ei aukande stormakt. England følgde etter då dei enda rosekrigane.

Europa opplevde frå tidleg på 1500-talet av ein sterk religiøs konflikt mellom katolikkar og protestantar. Vest- og Sentral-Europa vart delt i to leirar, medan austeuropearane i hovudsak var anten gresk- eller russisk-ortodokse. Det fann òg stad ei religiøs utvikling i Europa i og med at i sørvest lukkast Spania å gjennomføra si reconquista - gjenerobring av Spania frå maurarar - medan Det osmanske riket erobra store delar av Søraust-Europa. Fleire slag mellom tyrkiske og kristen-europeiske flåtar blei utkjempa i Middelhavet, men ved slaget ved Lepanto viste den kristne alliansen seg som overlegen dei osmanske styrkane. Boktrykkarkunsten kombinert med overtru førte til utbreiing av bøker om hekser, med Malleus Maleficarum. Dei spelte ei viktig rolle i å spreia trua på hekser, og auka markant hekseprosessane i Europa. Desse gjekk noko ned igjen på tidleg 1500-tal.

Mot slutten av 1500-talet voks det fram ein tidlegøkonomisk tankegang kalla merkantilismen. Denne gjekk i hovudsak ut på at handel var del av stormaktpolitikk, og at det var viktigare å få gull og sølv og å selja varer enn omvendt. For å sikre seg mest mogleg gull og sølv og å hindra at metalla gjekk ut av landet, innførte mange land store tollsatsar på utanlandske varer. Med oppdaginga av Amerika og sjøvegen til India fekk òg Middelhavet mindre tyding, og dei italienske bystatane mista stadig meir makt. Nye land som tok over var Spania, Portugal, Nederland - formelt del av Spania, England og Frankrike.

I same periode byrja krigane mellom Nederland og Spania, kalla åttiårskrigen, og i tillegg nådde hekseprosessane ein topp. Åttiårskrigen, kombinert med religiøs uro, glei over i trettiårskrigen, ein blodig krig som stort sett fann stad i Det tysk-romerske riket. Etter denne krigen blei leiesoldathærer i stor grad avvikla, og protestantisme blei godteken som trusretning. Hekseprosessane gjekk òg drastisk ned mange stader, og mot slutten av hundreåret byrja opplysingstida å ta oppgjer mot dogme og overtru. Opplysingstida fekk ei spesielt sterk rolle på 1700-talet fram til både den industrielle og den franske revolusjonen.

Perioden mellom 1300 og 1450, oftast omtalt som seinmellomalderen, kan òg bli rekna som ein glidande overgang mellom mellomalder og renessanse.[1] Maktkampen mellom monark, adel og kyrkje rørte seg fleire stadar til fordel monarken. Dette kan òg koma av eksterne faktorar, som svartedauden, som gjorde at arbeidskraft vart vanskeleg å få tak i.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Side 278, Thomas H. Greer, Gavin Lewis: A Brief History of the Western World Sixth Edition, Harcourt, Brace Jovanovic, Orlando (Florida), 1992