Per A. Utsi

norsk politikar

Per Alfred Utsi (fødd 8. mars 1939) er ein norsk politikar og tenestemann frå Tana i Finnmark. Han representerte Finnmark fylke og ArbeidarpartietStortinget i tida 1973-85.

Per A. Utsi
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mars 1939 (85 år)
Tana kommune
Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Utsi var son til ein småbrukar i Tana. Etter framhaldsskulen tok han eksamen ved handelsskule i 1957 og ved Forsvarets våpentekniske skule i 1959. Han arbeidde på kontoret i Sør-Varanger kommune i 1957-59 og 1961-62. Deretter var han 1963-66 lokalredaktør i avisa 'Finnmarken' med kontor i Vardø. Frå 1967 var han distriktssekretær i Landsorganisasjonen, busett i Kirkenes.

Valperioden 1972-75 var Utsi medlem i Sør-Varanger kommunestyre. Heile valperioden 1973-77 møtte han på Stortinget som 1. vararepresentant frå Finnmark fylke, då Annemarie Lorentzen var statsråd i regjeringar leidde av Trygve Bratteli og der etter Odvar Nordli. Sidan hadde Utsi eit fast stortingsmandat frå 1977 til -85. På Stortinget var han fyrst medlem og så frå 18. februar 1975 nestformann i Forsvarskomiteen til hausten 1981. Perioden 1981-85 var han medlem i Energi- og industrikomiteen og president i Odelstinget.

Som så mange andre tidlegare stortingsrepresentantar frå Nord-Noreg reiste Utsi ikkje tilbake til fylket han var vald frå, men fekk seg arbeid i Oslo. I åra frå 1985 til 2001 var han Stortingets Ombudsmann for Forsvaret og Ombudsmann for sivile tenestepliktige.

Utsi gav i 1982 ut Nye trekk i Norges sikkerhetspolitiske situasjon.

Kjelder endre