Per Erling Olsen

Per Erling Olsen (fødd 30. mars 1958) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar som representerte osloklubben Vidar. Han vart noregsmeister i spydkast i alle meisterskapane frå 1980 til 1984. I 1982 vart han tildelt kongepokalen etter eit vinnarkast på 84,30 meter. I VM i friidrett 1983 kom han på femteplassen i spydkast-tevlinga. Den personlege rekorden med den gamle spydtypen var på 90,30 meter, sett i 1983. Han er busett i Asker.

Per Erling Olsen

1994 Per Erling Olsen.JPG

Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. mars 1958 (63 år)
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984

Utmerkingar

Bislett-medaljen

AktivEndra

Olsen var nær ved å passere 80-meteren i 1979, men stoppa på 79,98 m. I OL-sesongen 1980 fekk han sitt gjennombrot, toppen nådde han den 4. juli i Bodø. Han vart då norsk meister etter å ha kasta spydet 86,36 meter. Berre Terje Pedersen av norske spydkastarar hadde nokon gong kasta lengre. Men sidan Noreg boikotta dei olympiske leikane i Moskva fekk han ikkje målt styrke mot dei beste internasjonale spydkastarane.

Også dei neste fire åra vart Olsen norsk meister i spydkast. I 1982 vart han elles tildelt kongepokalen for vinnarkastet på 84,30 meter. Same sesongen deltok han i sin fyrste store internasjonale meisterskap; EM i friidrett 1982. Etter 82,30 m i kvalifiseringa skuffa han med 79,18 m i finalen og vart nummer ti, plassen bak landsmannen Reidar Lorentzen. Den 19. januar opna han 1983-sesongen ved å vinne eit internasjonalt stemne i Wellington i New Zealand med fine 86,38 m. I juni månåd forbetra han den personlege rekorden to gongar. Fyrst auka han til 89,68 m i Øvre Årdal den 11. juni. 17 dagar seinare, den 28. juni på Bislett i Oslo, gjorde Olsen sitt livs beste kast med den gamle spydtypen. Spydet landa då på 90,30 m, likevel vart han berre andremann, Tom Petranoff frå USA nådde 90,60 m. Under VM i friidrett 1983 i Helsinki kasta Olsen 83,54 m i finalen og vart nummer fem. Året etter vart han niandemann i dei olympiske leikane i Los Angeles.

Frå 1985-sesongen var Olsen plaga med skadar og fekk ikkje opp dei same, store lengdene som før. Etter 1987-sesongen avslutta han satsinga som aktiv spydkastar. Seinare var han trenar for mellom andre Trine Hattestad og Pål Arne Fagernes.

Medaljar i norske meisterskapEndra

  • 1980 i Bodø: Gull – 86,36 m, framom Terje Thorslund (82,54 m)
  • 1981 i Haugesund: Gull – 78,52 m, framom Reidar Lorentzen (78,08 m)
  • 1982 i Porsgrunn: Gull – 84,30 m, framom Reidar Lorentzen (75,74 m)
  • 1983 i Trondheim: Gull – 82,94 m, framom Reidar Lorentzen (71,70 m)
  • 1984 i Øvre Årdal: Gull – 84,76 m, framom Øystein Slettevold (78,76 m)
  • 1985 i Bærum: Sølv – 77,50 m, bakom Narve Hoff (83,54 m)
  • 1987 i Nesbyen: Bronse – 72,16 m

Plasseringar i internasjonal meisterskapEndra

KjelderEndra