Reidar Lorentzen

norsk friidrettsutøvar

Reidar Lorentzen (fødd 22. september 1956) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Hammerfest som vann 13 NM-medaljar i spydkasting, tre av dei i gull. Han var i alle år medlem i oslolaget IK Tjalve. Annemarie Lorentzen var mor hans og friidrettsutøvaren Harald Lorentzen ein eldre bror.

Reidar Lorentzen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. september 1956 (67 år)
Hammerfest kommune
Yrke friidrettsutøvar
Mor Annemarie Lorentzen

Aktiv endre

Lorentzen tok steget opp i noregstoppen den 1. september 1979 med eit spydkast på 87,32 m. Dei neste åra vart han nasjonalt ståande litt i skuggen av Per Erling Olsen, sjølv om han i åtte-ni sesongar framover heldt internasjonalt nivå. Då Lorentzen den 11. mai 1985 vann eit stemne i Fredrikstad med ny personleg rekord på 88,54 meter, hadde av nordmenn einast Terje Pedersen, den tidlegare verdsrekordhaldaren, og Per Erling Olsen kasta spydet lenger.

Lorentzen deltok i spydkasting i EM 1982, Sommar-OL 1984 og EM 1986. Han vart niandemann med eit kast på 80,40 m under EM 1982 i Aten, medan han rauk ut i kvalifiseringa både i Los Angeles i 1984 og i Stuttgart i 1986.

Han fekk ikkje heilt same dreisen med spydtypen som vart innført frå 1986. Den personlege rekorden med spydtypen er på 80,06 meter, oppnådd 14. august 1988 under noregsmeisterskapen i Byrkjelo. Det var faktisk hans fyrste NM-tittel, etter han hadde vunne seks sølvmedaljar og to bronsar i tidlegare NM. Han forsvarte NM-tittelen i 1989 og tok sitt tredje NM-gull i 1991.

Lorentzen la opp i 1995. Pr 2016 er det berre Andreas Thorkildsen, Pål Arne Fagernes og Rohnny Nilsen som er framom han på noregsstatistikken over lange spydkast.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1979: Sølvmedalje i spydkast – 84,92 m, bak Terje Thorslund (85,74 m)
  • 1981: Sølvmedalje i spydkast – 78,08 m, bak Per Erling Olsen (78,52 m)
  • 1982: Sølvmedalje i spydkast – 75,74 m, bak Per Erling Olsen (84,30 m)
  • 1983: Sølvmedalje i spydkast – 71,70 m, bak Per Erling Olsen (82,94 m)
  • 1984: Bronsemedalje i spydkast – 78,08 m
  • 1985: Bronsemedalje i spydkast – 73,34 m
  • 1986: Sølvmedalje i spydkast – 74,64 m, bak Øystein Slettevold (76,88 m)
  • 1987: Sølvmedalje i spydkast – 78,10 m, bak Narve Hoff (78,54 m)
  • 1988: Gullmedalje i spydkast – 80,06 m, framom Mathias Lilleheim (74,26 m)
  • 1989: Gullmedalje i spydkast – 73,12 m, framom Mathias Lilleheim (69,84 m)
  • 1991: Gullmedalje i spydkast – 74,94 m, framom Arne Indrebø (74,30 m)
  • 1992: Bronsemedalje i spydkast – 70,74 m
  • 1993: Sølvmedalje i spydkast – 70,48 m, bakom Arne Indrebø (74,72 m)

Personlege rekordar og årsbeste med den eldre spydtypen endre

År 1975 1976 1977 1978 1979 1980 1981 1982 1983 1984 1985
Lengde (m) 72,40 76,14 74,26 79,14 87,32 83,68 84,88 85,82 84,80 88,46 88,54

Kasta frå 1979 (87,32 m), 1982 (85,82 m), 1984 (88,46 m) og 1985 (88,54 m) var alle årsbeste i Noreg.

Personlege rekordar og årsbeste med dagens spydtype endre

År 1986 1987 1988 1989 1990 1991 1992 1993
Lengde (m) 77,62 78,10 80,06 73,12 74,50 74,94 70,74 70,48

Kasta frå 1986 (77,62 m), 1988 (80,06 m), 1989 (73,12 m) og 1991 (74,94 m) var alle årsbeste i Noreg.

Kjelder endre