Per Hestetun
Per Klingenberg Hestetun (11. august 1877–1. september 1928) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Årdal som representerte Sogn og Fjordane fylke og partiet Venstre på Stortinget i tida 1922-28.
Per Hestetun | |
Fødd | 11. august 1877 Årdal |
Død |
11. september 1928 (51 år) |
Yrke | politikar, bonde |
Hestetun var son til ein gardbrukar i Øvre Årdal i Sogn. Han gjekk kurs på Sogndal Folkehøgskule både 1892/93 og 1896/97. Allereie i 1901 tok han over farsgarden på Hestetun og dreiv denne til han døydde.
Han var ordførar i Årdal herad frå 1908 til 1919. I 1907 tok han initiativet så at Årdal Sparebank vart etablert. Seinare var han 1912-26 styremedlem i sparebanken.
Ved stortingsvalet hausten 1921 vart Hestetun vald til stortingsmann for Venstre i Sogn Fjordane. Han vart sidan attvald både i 1924 og -27. På Stortinget var han alle sesjonane medlem i Post- og telegrafkomiteen, frå 1925 som nestformann i komiteen til han døydde.
Hestetun omkom i ei fallulukke heime på garden sin, i september 1928. Dermed rykte Jakob A. Lothe inn til fast tingsete for 1929- og 1930-sesjonane.
KjelderEndra
- Stortingsbiografi Arkivert 2017-04-05 ved Wayback Machine.