Per Lønning
norsk prest, politikar og professor
Per Lønning (24. februar 1928–21. august 2016) var ein norsk teolog og politikar frå Bergen. Inge Lønning var ein yngre bror.
Per Lønning | |
| |
Fødd | 24. februar 1928 Bergen |
---|---|
Død | 21. august 2016 (88 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | prest, politikar, professor, teolog, songtekstforfattar, universitetslærar, filosof |
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo |
Barn | Per Eystein Lønning, Jan Tore Lønning |
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Alle verv |
|
Per Lønning var stortingsrepresentant for Oslo og partiet Høgre i tida 1958–65, på Stortinget var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Deretter var han domprost i Bergen til 1969, då han vart utnemnd til biskop i den nyopretta Borg bispedømme. I 1975 tok han avskjed i protest mot Stortinget vedtok ei ny abortlov. Frå 1977 var underviste i ti år om idehistoria til kristendommen ved Universitetet i Oslo. Åra 1987-94 var Lønning biskop i Bjørgvin.
Lønning gav frå 1950-talet ut ei rekke bokverk; både preike- og salmesamlingar, debattbøker, og bøker om truslære.
Kjelder Endra
- Store norske leksikon.
- «Per Lønning». Stortinget.no.