Opna hovudmenyen

Inge Lønning

norsk teolog og politikar

Inge Johan Lønning (20. februar 193824. mars 2013) var ein norsk teolog og politikar for partiet Høgre, fødd og oppvaksen i Fana i Hordaland. Per Lønning var ein eldre bror.

Inge Lønning
Inge Lonning (H) Norge, talar under Nordiska radets session.jpg
Fødd20. februar 1938
Fana
Død24. mars 2013
Beitostølen
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrketeolog, politikar, prest, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
BarnLars Lønning
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

TeologenEndra

Lønning studerte teologi ved Universitetet i Oslo frå 1957, der han tok embetseksamen i 1962 og praktikum i 1963. Dei neste åra arbeidde han mellom anna som universitetsstipendiat og som marineprest ved Haakonsvern i Bergen, samt universitetslektor ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo. I 1971 tok han doktorgraden i teologi, basert på avhandlinga Kanon im Kanon. Zum dogmatischen Grundlageproblem des neutestamentlichen Kanons. Lønning var internasjonalt kjend som forskar på Martin Luther og systematisk teologi. Han var sterkt inspirert av Luther og Dietrich Bonhoeffer.

I 1971 overtok Lønning professoratet i dogmatikk ved Universitetet i Oslo, og var formelt professor i teologi ved universitetet til 2008. I tida 1985 til 1992 var han rektor ved universitetet. Då han var rektor sette han i gang ei omstrukturering av universitetet, og ei meir sentralisert styring. Lønning hadde gjennom åra ymse verv, til døme ssom styreleiar i Norges almenvitenskapelige forskningsråd 1981–84, styreleiar i NKS-stiftinga 1986–2001, og som styreleiar i Universitetsforlaget 1986–99.

PolitikarenEndra

Lønning markerte seg som politikar under EU-kampen i 1990-åra og seinare som stortingsrepresentant for Høgre. Frå 1993 til -95 var han leiar for Europabevegelsen i Noreg, og såleis ein forgrunnsfigur for EU-tilhengarane gjennom EU-kampen i 1994.

I 1997 vart Inge Lønning innvald på Stortinget for Høgre i Oslo. Året etter vart han vald til fyrste nestleiar i partiet, eit verv han hadde fram til 2002. Lønning var Stortinget sin visepresident 2001–05, og perioden 2005-09 den aller siste lagtingspresidenten. På Stortinget var han medlem av kyrkje-, utdannings- og forskningskomitéen 1997–2001, nestleiar i utanrikskomitéen og i valkomitéen 2001–2005, samt medlem av helse- og omsorgskomitéen 2005–2009.

Under Oslo Høgre sitt nominasjonsmøte til stortingsvalet 2009 tapte Lønning kampvoteringane mot både Michael Tetzschner og mot Nikolai E. Astrup.

Inge Lønning døydde brått på Beitostølen i 2013.

KjelderEndra