Per Willy Guttormsen
Per Willy Guttormsen (fødd 11. juni 1942) er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Narvik som i 1968 sette verdsrekord på 10 000 meter med tida 15.16,1. Han var medlem av Arbeidernes Skøyteklubb i Oslo.
Per Willy Guttormsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. juni 1942 (82 år) Narvik |
Yrke | skøyteløpar |
Høgd | 170 centimeter |
Per Willy Guttormsen på Commons |
Guttormsen flytta til Oslo allereie 15 år gammal og var aktiv med sykling og skeiseløp. Langdistansespesialisten, med tilnamnet «Bettong», markerte seg i noregseliten på skeiser med sjetteplass i NM 1964 og fekk høve til å delta i firkamp-VM 1964, der han overraska med å gå inn til ein ny sjetteplass. I 1966 kom han på fjerdeplass ved skeise-NM i Drammen. Ved firkamp-VM i Göteborg ein månad seinare overraska han endå ein gong, då han vart nummer fire og beste nordmann. Året etter enda han på sjuandeplass i firkamp-VM 1967 på Bislett stadion.
OL-sesongen 1968 var Guttormsen i sitt livs beste form. Ved noregsmeisterskapen 1968 kom han i mål til tredjeplass, einast dei internasjonale toppløparane Magne Thomassen og Fred Anton Maier, skeisa fortare. Etter å ha vorte høvesvis numer sju og ni i EM og firkamp-VM, var Guttormsen ein klar medaljekandidat på landistansane i Vinter-OL i Grenoble. Men han måtte nøye seg med to fjerdeplassar. På tampen av Ol-sesongen, den 10. mars 1968, forbetra han i tyske Inzell verdsrekorden på 10 000 med vel fire sekundar til 15.16,1.
I 1969 kom Guttormsen i mål til ein åttandeplass i firkamp-VM. To år seinare sikra han seg fjerdeplassen i NM, før han under EM 1971 i Heerenveen vann sin einaste internasjonale distansesiger då han kleiv til topps på 10 000 m og enda på sjuandeplass i meisterskapen. I sin siste sesong vart han nummer elleve på 10 000 m under Vinter-OL 1972 i Sapporo.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar.