Periklas er eit mineral som er naturleg hendande magnesiumoksid, MgO. Det krystalliserer kubisk og finst oftast i metamorfe kalksteinar og dolomittar.

Periklas

Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelMgO
Strunz-klassifisering04.AB.25
KrystallsymmetriKubisk 4/m 3 2/m
Einingscelle4.21 Å Z=4
Identifikasjon
Fargefargelaus, gråaktig kvit, gul, brungul, grøn, svart
Krystallformkorna, generelt som allotriomorf til subhedral åttesidige krystallar i matriks
KrystallsystemIsometrisk - heksotahedral
Kløyv{001} perfekt; {111} uperfekt, kan syne deling på {011}
BrotMuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala6
Glansglasaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt3.56–3.68 (målt) 3.58 (utrekna)
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparIsotrop
Brytingsindeksn = 1.735–1.745
Andre eigenskaparFluorescerande, langbølgja UV=lysegul.
Kjelder[1][2][3]

Periklas kan vere særs utbreidd i mantelen til jorda, der det høge trykket fører til nedbryting av olivinsamansetjingar til enkle oksid med mykje tettare pakning av atoma. Eksperimentelle undersøkingar har vist jernrik periklas (ferroperiklas) danna saman med perovskitt under trykk- og temperaturforhold ved eit djup på 660 kilometer.

Det er ikkje sikkert påvist i Noreg.

Kjelder endre

  • Periklas. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.