Brot i mineralogi

Denne artikkelen handlar om terminologien som blir nytta for å beskrive brotflater på krystallar og mineralklumpar. For brot i bergartar, sjå brot i geologi.

Brot er eit uttrykk som innanfor mineralogien beskriv evna til eit mineral til å dele seg i andre retningar enn eventuelle kløyvretningar.[1] Ikkje alle mineral har kløyvretningar slik som kvarts, og kløyv må ikkje forvekslast med brot. Mineral skil seg ofte frå kvarandre ved at dei kan ha forskjellige brotflater sjølv om dei elles ser heilt like ut, derfor er denne eigenskapen viktig og er mykje brukt til å identifisere mineral.

Kvarts er eit mineral som gir muslige brot, men manglar kløvretningar.

Terminologi endre

Konkoidalt brot endre

 
Obsidian

Konkoidalt brot eller muslig brot er ei kurva glatt flate som inneheld fordjupningar og forhøgningar som kan minne om skjelet til ein musling.[2] Ordet «konkoidalt» kjem frå gresk og tyder skjel eller skjelaktig. Ein finn ofte dette på amorfe eller mikrokrystallinske mineral som flint, opal eller obsidian, men ein finn det òg på krystallinske mineral som kvarts. Subkonkoidalt brott er det same som konkoidalt, men ikkje like kurva.

Jordaktig brot endre

 
Limonitt

Jordaktig brot ser ut som nyleg broten jord. Dette finn ein ofte på blaute og laust samansette mineral, som limonitt, kaolinitt og aluminitt.

Takka brot endre

 
Gedigent kopar

Takka brot eller kanta brot er skarpt takka eller kanta og dei er ujamne. Ein får det i metall som blir dratt eller brekt av. Såleis ser ein et ofte på brotflata i gedigne metall som kopar og sølv.[2]

Splintra brot endre

 
Krysotil

Splintra brot består av lange spisse og flisete splintar.[2] Det er særs vanleg på fibrige mineral som krysotil, men ein kan òg finne det på ikkje-fibrige mineral som kyanitt.

Ujamnt brot endre

 
Magnetitt

Ujamnt brot er sjølvbeskrivande. Det opptrer på ei rekke mineral som arsenopyritt, pyritt og magnetitt.


Sjå òg endre

Referansar endre

  1. "fracture." Encyclopædia Britannica. 2008. Encyclopædia Britannica Online. 01 Nov. 2008
  2. 2,0 2,1 2,2 "mineral." Encyclopædia Britannica. 2008. Encyclopædia Britannica Online. 01 Nov. 2008