Perth and Kinross
(Omdirigert frå Perth og Kinross)
Perth and Kinross (Peairt agus Ceann Rois på skotsk-gælisk) er ein av 32 regionar i Skottland og eit statthaldarskap. Han grensar til Aberdeenshire, Angus, City of Dundee, Fife, Clackmannanshire, Stirling, Argyll and Bute og Highland. Perth er adminsitrativt senter. Regionen samsvarar i det store og heile, men ikkje heilt, med dei tidlegare grevskapa Perthshire og Kinross-shire.
Perth and Kinross Peairt agus Ceann Rois | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Areal |
5 286 km² |
Administrasjonsstad |
Perth |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
144 200 27,3 /km² |
Perthshire og Kinross-shire hadde felles grevskapsråd frå 1929 fram til 1975. Området vart skipa som eit enkelt distrikt i 1975, i regionen Tayside og vart ein eigen region i 1996.
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Perth and Kinross» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2009.