Angus
Angus (skotsk-gælisk Aonghas) er ein av 32 regionar og eit statthaldarskap i Skottland. Regionen grensar til Aberdeenshire, Perth and Kinross og Dundee City. Hovudnæringa i regionen er jordbruk og fiske.
Angus Aonghas | |
---|---|
Geografi | |
Areal |
2 182 km² |
Administrasjonsstad |
Forfar |
Demografi | |
Folketal - Totalt (110300) - Folketettleik |
2 008 0,9 /km² |
Angus var historisk eit grevskap (offisielt kalla Forfarshire frå 1700-talet fram til 1928 då det fekk det gamle namnet sitt attende) fram til 1974 då det vart eit distrikt i regionen Tayside. I 1996 vart det todelte lokalstyret avskaffa og Angus vart oppretta som ei sameint styresmakt. Det tidlegare grevskapet grensa til Kincardineshire i nordaust, Aberdeenshire i nord og Perthshire i vest. I sør låg Fife på andre sida av Firth of Tay. Grensene til dagens region er nøyaktig lik dei gamle grevskapsgrensene bortsett frå City of Dundee.
Angus kan delast inn i tre geografiske område. I nord og vest er landskapet dominert av fjell. Dette er området med dei fem Angus Glens er tynt folkesett og hovudnæringa her er åsjordbruk. I sør og aust består landskapet av rullande åsar som grensar til sjøen. Dette området er meir folkesett med dei større byane og byen Dundee ved kysten. I mellom ligg Strathmore, som er gælisk for «den store dalen», som er eit frodig jordbruksområde kjend for dyrking av poteter, bærfrukt og oppdrett av anguskveg.
Byar og landsbyarEndra
ByarEndra
- Arbroath—størsteby
- Brechin
- Carnoustie
- Forfar—administrasjonsstad
- Kirriemuir
- Monifieth
- Montrose
LandsbyarEndra
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Angus» frå Wikipedia på engelsk, den 3. desember 2009.