Norte grande (store nord) er ein av dei fem naturlege regionane som Corporación de Fomento de la Producción i Chile delte det kontinentale Chile inn i i 1950. Regionen grensar til Peru i nord, Stillehavet i vest, Altiplano i Bolivia og Argentina til aust, og i sør den naturlege regionen Norte chico, skilt av Copiapó-elva ved ca. 27° sørleg breidde innanfor Atacama-regionen. I denne regionen er det ørkenklimaet som dominerer, men der er skilnader i klima frå stillehavskysten mot Andes: kyst, innland, ørken og høgtliggande saltsletter.

Norte Grande femnar om Atacama-ørkenen, eit av dei tørraste områda i verda; i visse delar registrerer ikkje denne ørkenen nokon nedbør i det heile. Ørkenregionen er eit forhøgd, tørt platå som gradvis søkk ned frå Andesfjella mot kysten. Frå havet ser denne platåskråninga ut som ei rekkje flate åsar. Skodda som ofte blir danna over det kalde havvatnet ved kysten sig inn over land og blir fanga i dei høge åsane. Denne luftborne fukta kondenserer i stenglar og blad i vegetasjonen, dropane som fell ned på bakken vatnar røtene til plantane. Denne skodda er kjent som camanchaca.[1]

Heilt nord i Chile har ein mykje av Andesplatået, som får nedbør i sommarmånadene og skaper grunne innsjøar og tronge elver som dannar oasar før dei fleste går tapt på grunn av fordamping eller absorpsjon. Men nokre av desse elvene når Stillehavet, inkludert Rio Loa, som er Chiles lengste elv. Desse smale elvene har skapt fruktbare dalar med frodig vegetasjon.

Det meste av folkesetnaden bur i kystområdet, der temperaturane er meir moderate og luftfukta høgare enn inne i landet. Vektige byar i regionen er Arica, Iquique, Tocopilla, Calama og Antofagasta.

I denne sona er dei viktigaste økonomiske aktivitetane fiske og framfor alt gruvedrift. Chuquicamata utanfor Calama er av verdas største dagbrot med koparførekomstar.

Kjelder endre

  • Rex A. Hudson (red.) (1994) Chile a country study Federal Research Division, Library of Congress, Washington, DC
Referansar
  1. Nick Lavars How Chile's fogcatchers are bringing water to the driest desert on Earth New Atlas, 25. august 2015. Henta 11. mars 2023