Pesce Peninsula er ei brei snødekt halvøy som ligg mellom Rameaufjorden og Verdifjorden på nordsida av Beethoven Peninsula, sørvest på Aleksanderøya i Antarktis. Dykeman Point er det einaste neset på Pesce Peninsula heilt nord på halvøya. Ho vart fotografert frå lufta av Ronne Antarctic Research Expedition (RARE), 1947–48, og kartlagd frå bilete av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), 1960. Ho vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter offiser Victor L. Pesce i U.S. Navy som var befalshavande, U.S. Navy Antarctic Development Squadron Six (VXE-6), frå mai 1980 til mai 1981. Pesce Peninsula er ei av åtte halvøyar på Aleksanderøya.

Pesce Peninsula
halvøy
Land  Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 71°41′S 74°57′W / 71.683°S 74.950°W / -71.683; -74.950
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Pesce Peninsula
71°41′00″S 74°57′00″W / 71.6833°S 74.95°W / -71.6833; -74.95
Pesce Peninsula is located in Antarktis
Pesce Peninsula (Antarktis)

Sjå òg

endre


Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Pesce Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).