Johann Peter Gustav Lejeune Dirichlet

tysk matematikar
(Omdirigert frå Peter Dirichlet)

Johann Peter Gustav Lejeune Dirichlet (13. februar 18055. mai 1859) var ein tysk matematikar.

Johann Peter Gustav Lejeune Dirichlet

Fødd13. februar 1805
Düren
Død5. mai 1859
Göttingen
Områdetalteori, matematikk, matematisk analyse, matematisk statistikk, Dirichlet problem
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Wrocław
Universitetet i Göttingen
Friedrich-Wilhelms-Universität zu Berlin
Humboldt-Universität zu Berlin
Alma materUniversitetet i Bonn
DoktorgradsrettleiarSiméon Denis Poisson
Jean Baptiste Joseph Fourier
EktefelleRebecka Dirichlet
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Det bayerske vitskapsakademiet

Etter studiar i Paris vart han utnemnd til professor i Berlin i 1831. I 1855 etterfølgde han Carl Friedrich Gauss som professor i Göttingen. Fleire resultat innan matematikken er knytte til namnet hans, mellom anna satsen om primtal i aritmetiske rekkjer som seier at det eksisterer ei uendeleg mengd primtal på forma ax + b når a og b ikkje har noko felles faktor. Innan algebraisk talteori er teoremet hans om einingane fundamental. I funksjonsteori var den generelle oppfatninga hans av sjølve funksjonsomgrepet viktig, og han sette opp vilkår for utviklinga av ein funksjon i trigonometriske rekkjer, samt gjorde undersøkingar over potensialteori, der dirichletske rekkjer er ei viktig utviding av omgrepet potensrekkje. Forelesningane hans om talteori vart gjeven ut i mange opplag av matematikaren Richard Dedekind og dei samla verka hans vart utgjeven av Vitskapsakademiet i Berlin (2 bind, 1890–1897).

Kjelder

endre