Peter Johannessen Østenby

Peter Johannessen Østenby (179128. februar 1876) var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Rødenes i Østfold.

Peter Johannessen Østenby
Fødd 1791
Rødenes
Død

28. februar 1876 (84 år)
Eidsberg

Yrke bonde, politikar

Østenby var son til ein gardbrukar i Rødenes. Han tok i si tid over farsgarden og dreiv denne. Åra 1847-61 budde han på Ågård i Eidsberg, flytta så til Glemmen. Der budde han i to år, då flytta han tilbake til Eidsberg. Østenby var 1838-54 ordførar i heradsstyret i Rødenes. Han var òg medlem av forlikskommisjonen.

Østenby var 2. representant frå Smaalenenes amtStortinget 1836 og omframstortinget 1836-37. Han var medlem av justiskomiteen. Til stortinga 1842-51 var han frå 4. til 1. varamann for same valkrinsen.

Østenby døydde på Hallingstorp i Eidsberg i 1876.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914