Peter Lorange
Peter Lorange (fødd 17. april 1943) er ein norsk samfunnsøkonom (siviløkonom). Han er busett i Sveits, og er skiparen og eigaren av Lorange Institute of Business Zurich i Zürich, der han er arbeidande styreformann og rektor.
Peter Lorange | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. april 1943 (81 år) |
Yrke | samfunnsøkonom |
Språk | engelsk, norsk, tysk |
Lorange er utdanna som siviløkonom hjå Norges Handelshøyskole i Bergen, og tok seinare mastergrad ved Yale University, og etter dette Doctor of Business Administration ved Harvard University, som båe er private universitet i USA.
Lorange har vore rektor ved Handelshøyskolen BI i Oslo (1989-1993), professor ved Wharton School ved University of Pennsylvania i USA og Kristian Gerhard Jebsen Professor of International Shipping ved International Institute for Management Development (IMD) i Lausanne i Sveits. Han er forfattar av ein rad vitskaplege bøker og artiklar, og har seks æresdoktorgradar, mellom anna frå Lunds universitet i Sverige. I 2010 vart han utnemnd til kommandør av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen «for fortjenstfullt virke for fremme av norske næringslivsinteresser internasjonalt»[1]
Peter Lorange er eigar av selskapet S. Ugelstad Invest AS.
Fotnotar
endre- ↑ «06.09.2010; Professor Peter Lorange, Sveits, er utnevnt til Fortjenstorden -Kommandør: H.M. Kongen har utnevnt norsk statsborger Peter Lorange, f. 1943, bosatt i Sveits, professor ved International Institute for Management Development i Lausanne, til Kommandør for fortjenstfullt virke for fremme av norske næringslivsinteresser internasjonalt.»