Peter Müller (fødd 6. oktober 1957) frå Adliswil er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Han vart verdsmeister i utfor under VM 1987, og vann fire sølvmedaljar i utfor under to olympiske leikar og to verdsmeisterskap i tida 1984-89. Han vann utforcupen av verdscupen tre gongar; 1979, 1980 og 1982. I verdscupen totalt kom han tre gongar på fjerdeplass; 1982, 1985 og 1986.

Peter Müller


Statsborgarskap Sveits
Fødd 6. oktober 1957 (66 år)
Adliswil
Idrett alpint
Tok del i

alpine skiing at the 1984 Winter Olympics – men's downhill, alpine skiing at the 1988 Winter Olympics – men's downhill

Müller var spesialist i fartsøvingane. Mellom februar 1977, då han vann sin første siger, og desember 1988, då han gjekk til topps siste gongen, vann han til saman 24 verdscuprenn. 19 av sigrane kom i utfor, tre i kombinasjonsrenn og to i super-G. 12. desember 1982 vann han det aller første verdscuprennet i super-G-øvinga. Han kom 51 gongar (24-16-11) på pallplass i verdscupen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • 1978: Nr 5 i utfor under VM i alpint i Garmisch-Partenkirchen
  • 1980: Nr 4 i utfor under vinter-OL i Lake Placid
  • 1982: Nr 5 i utfor under VM i alpint i Schladming
  • 1984: Sølvmedalje i utfor under vinter-OL i Sarajevo
  • 1985: Sølvmedalje i utfor under VM i alpint i Bormio
  • 1987: Gullmedalje i utfor under VM i alpint i Crans-Montana
  • 1988: Sølvmedalje i utfor under vinter-OL i Calgary
  • 1989: Sølvmedalje i utfor under VM i alpint i Vail

Müller la opp som skirennar i 1992.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre