Wolfgang Peter Selzer (fødd 25. juni 1946) er ein tysk tidlegare kappgjengar frå Torgau i Sachsen som vann ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i europameisterskapane 1969-74, alle 50 km. Han representerte Aust-Tyskland.

Peter Selzer
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 25. juni 1946 (77 år)
Torgau
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968

Peter Selzer vart austtysk meister i 50 km kappgang i 1966, 1967 og 1973. Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico vart han fjerdemann på same distansen. Året etter gjekk han inn til sølv i europameisterskapen i Aten, frågått einast av landsmannen Christoph Höhne. To år seinare måtte dei to austtyskarane eitt trinn ned på sigerspallen i den neste europameisterskapen, i Helsinki var det Venjamin Soldatenko frå Sovjetunionen som gjekk fortast. Etter ein femteplass i Sommar-OL 1972, lukkast Selzer i 1974 take ein tredje EM-medalje i rad, ein ny bronsemedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre