Venjamin Soldatenko

Venjamin Vasiljevitsj Soldatenko (fødd 4. januar 1939) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Sjkurovka i Kasakhstan som vart europameister 1971 og verdsmeister 1976 i 50 km kappgang. Han vann elles OL-sølv 1972, EM-sølv 1978 og EM-bronse 1969 på same distansen. Soldatenko tevla for Sovjetunionen.

Venjamin Soldatenko

Veniamin Soldatenko 1972.jpg

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 4. januar 1939
Akkayin District
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

AktivEndra

Soldatenko vart tredjemann då han fekk sin internasjonale meisterskapsdebut ved EM 1969 i Aten, åtte og eit halvt minutt bak vinnaren, Christoph Höhne frå Aust-Tyskland. To år seinare vann Soldatenko den same distansen då EM 1971 fann stad i Helsinki, over to minuttar framom Höhne på sølvplassen. Under dei olympiske sommarleikane 1972 i München kom Soldatenko i mål til sølvmedalje, vel to minuttar bak vinnaren.

I 1976 fjerna Den internasjonale olympiske komiteen 50-kilometeren frå OL-programmet. Det internasjonale friidrettsforbundet valde då å arrangere eit eige verdsmeisterskap for øvinga, avvikla i Malmö i Sverige 18. september 1976. Soldatenko vann ein klar siger i tevlinga, 37 år gammal. Under europameisterskapen 1978 kompletterte han samlinga med EM-medaljar ved å vinne sølv, dermed hadde han EM-medaljar i alle valørar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra