Steinsporvar

slekt av sporvefuglar
(Omdirigert frå Petronia)
Steinsporvar
Bantusteinsporv, Petronia superciliaris i Sør-Afrika Foto: Alan Manson
Bantusteinsporv, Petronia superciliaris i Sør-Afrika
Foto: Alan Manson
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Sporvefamilien Passeridae
Slekt: Steinsporvar Petronia
von Linné, 1766

Steinsporvar utgjer fugleslekta Petronia. Artar i denne slekta lever i Europa, Asia og Afrika, det viktigaste utbreiingsområdet ligg i Afrika. Nokre gonger kan arten steinsporv vitje Sentral-Europa som 'vagrant', ein sjeldan gjest.

Det er fem artar i Petronia. Dei genetiske skilnaden i høve til Passer er ikkje veldig store. IUCN klassifiserer alle artar av steinsporvar som livskraftige.

Skildring endre

Steinsporvar når ei kroppslengd på mellom 13 og 16 centimeter. Dette er kompakt bygde fuglar, i tilhøve til kroppsstorleiken er hovudet stort og dei har kort, kraftig nebb, som ender ein spiss tupp. Dei skil seg frå dei nært nærskylde Passer-sporvane med ein litle gul flekk på strupen. Krattsteinsporv viser ein liten kjønnsdimorfisme, dei fire av artane viser ingen. Kroppsbygning, habitat og lætet er svært likt det ein finn i slekta Passer.

Av dei fem artene er éin, nemleg bantusteinsporv, avgrensa i utbreiinga si til det afrikanske kontinentet. Krattsteinsporv og savannesteinsporv har utbreiing i Afrika og Den arabiske halvøya. Gulstrupesteinsporv finn ein berre i Asia, og arten steinsporv har den vidaste utbreiinga i slekta, frå nordvestlege Afrika og Sør-Europa austover til vestlege Mongolia, Mandsjuria og den nordvestlege delen av Sichuan i Asia. Tidvis kjem tilfeldige gjestar av arten steinsporv til land som Storbritannia og Polen.

Petronia-sporvane brukar ei litt anna økologisk nisje og er sterkare knytt til i tre og buskar enn Passer. Ein finn dei i moderat tørr til tørr, open skog, halvtørt krattlandskap og ved utkanten av landbruksareal og jordbruksareal. Unntaket er igjen arten steinsporv, som lever hovudsakleg i karrige, steinete åsar med lite vegetasjon.

Artslista endre

Petronia-sporvar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Kjelder endre

  • Første versjon av denne artikkelen byggjer på «Steinsperlinge» frå Wikipedia på tysk, den 11. januar 2012, artikkelen gav følgjande referanse:
    • C. Hilary Fry und Stuart Keith (Hrsg): The Birds of Africa – Volume VII., Christopher Helm, London 2004, ISBN 0-7136-6531-9

Referansar endre

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff endre