Philadelphus coronarius

Philadelphus coronarius
Philadelphus coronarius
Philadelphus coronarius
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kornellordenen Cornales
Familie: Hydrangeaceae
Underfamilie: Philadephoideae
Stamme: Philadelpheae
Slekt: Skjærsminslekta Philadelphus
Art: P. coronarius
Vitskapleg namn
Philadelphus coronarius

Duftskjærsmin eller luktskjærsmin (Philadelphus coronarius) er ein lauvfellandebusk i skjærsminslekta i hortensiafamilien. Planten er naturleg å finne i Sør-Europa. Han går òg under namnet uekte sjasmin.

Philadelphus coronarius må ikkje forvekslast med Philadelphus lewisii som er meir hardfør og luktar mindre. Denne går ofte under namnet «nordlandsskjærsmin».

Duftskjærsmin er ein stor opprett busk med stive greiner. Borken]er først strågul og glatt. Seinare blir han lysebrun og litt fura. Gamle greiner får bork som skallar av i strimlar. Knoppane er motsette, men elles så små at dei sit skjult i bladarret til slutten av våren. Blada er eggforma med få, grove tenner langs randa. Over- og undersida er omtrent einsarta friskt grøne. Blomstrane kjem i juni-juli, og dei sit i korte klasar frå bladhjørna. Dei er kvite med gule støvberarar. Dufta er søt og kraftig. Fruktene er krukkeforma, tørre kapslar. Berre i einskilde år blir det danna modne frø i hagar så langt nord som Danmark og Noreg.

Rotnettet er kraftig, og hovudrøtene er fordelt både langt ned og vidt ut. Dei fine siderøtene ligg like under jordoverflata. Greinene har kvit marg. Busken kan bli 4 x 3 m (30 x 30 cm/år).

Kultivarar endre

Philadelphus coronarius er ein populær prydplante for hagar i tempererte regionar. Han er verdsett for sine kvite, søte, luktaktande blomstrar tidleg om sommaren som opptrer i store mengder. Det finst ei rekkje namngjevne kultivarar. Dei følgande kultivarane har fått Royal Horticultural Society sin Award of Garden Merit:-

  • P. coronarius «Aureus»[1]
  • P. coronarius «Variegatus»[2]

Hydridar endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. rhs.org.uk, arkivert frå originalen 7. juni 2013, henta 13. juli 2012 
  2. rhs.org.uk[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Philadelphus coronarius
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Philadelphus coronarius