Philadelphus lewisii

Philadelphus lewisii
Philadelphus lewisii
Philadelphus lewisii
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kornellordenen Cornales
Familie: Hydrangeaceae
Underfamilie: Philadephoideae
Stamme: Philadelpheae
Slekt: Skjærsminslekta Philadelphus
Art: P. lewisii
Vitskapleg namn
Philadelphus lewisii

Philadelphus lewisii (engelsk Lewis's mock-orange) er ein lauvfellande busk i skjærsminslekta i hortensiafamilien. Naturleg veks ho i den vestlege delen av Nord-Amerika, frå nordvestre California i Sierra Nevada, nord til særleg British Columbia i Canada, og aust til Idaho og Montana. Ho er utbreidd, men er likevel ikkje særleg vanleg og opptrer som einslege buskar mellom andre planter. Planta vart først samla av Meriwether Lewis i 1806.[1] Ho har ikkje noko offisielt norsk namn, sjølv om einskilde kultivarar er nytta som hageplante i Noreg.

Skildring endre

 
Philadelphus lewisii i blome.

Blomstrane sit i klasar i enden av store stilkar og har fire 5-40 mm lange kronblad og mange gule støvberarar. Når busken er i full blome er han dekt av ei mengd kvite blomstrar. Blomstrane har ei sterk, søt lukt lik den frå appelsinblomstrar med eit snev av ananaslukt. Frukta er ein liten hard kapsel som er 1 cm lang med treaktige, spisse venger, og inneheld mange brune 2.5-3 mm lange frø.

Amerikanske urfolk nytte P. lewisii til ulike formål. Den harde veden vart nytta for å lake jakt- og fiskereidskap, truger, piper, og møblar. Blada og barken inneheld saponin, vart blanda med vatn for å bli brukt som ei mild såpe.

Kultivarar endre

Dyrking endre

Busken veks best i heilt eller delvis sol. Den toler tørke og veks på dårleg grunn med lysande blomster og fruktduft.

Statsblome endre

P. lewisii er delstatsblome for Idaho.

Referansar endre

Casebeer, M. (2004). Discover California Shrubs. Sonora, California: Hooker Press. ISBN 0-9665463-1-8

Bakgrunnsstoff endre

 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Philadelphus lewisii
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Philadelphus lewisii