Philippe Collet (fødd 13. desember 1963) er ein fransk tidlegare stavhoppar frå Nancy. Han fekk bronsemedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1986 i Stuttgart.

Philippe Collet


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 13. desember 1963 (60 år)
Nancy
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

ridder av Den nasjonale fortjenstorden

Aktiv endre

Collet vart fransk meister i stavhopp i 1985, ein prestasjon han gjorde opp att i 1988, 1989, 1991 og 1992. Han sette personleg rekord med 5,85 meter i Paris den 22. juli 1986. Innandørs hoppa han seinare 5,92 m våren 1989 og 5,94 meter i mars 1990, begge gongane i Grenoble. Høgdepunktet i dei store meisterskapane kom då han tok bronsemedaljen i EM 1986 med 5,75, like høgt som sølvmedaljør Vassyl Bubka]. Bror til sistnemnde, Sergej Bubka vart europameister på 5,85 meter. Sidan tok Collet del i medaljestriden både ved Sommar-OL 1988, der han vart femtemann, og i EM 1990 og EM 1994, der han kom på fjerdeplass i begge høva.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre