Philippe de Champaigne

Philippe de Champaigne (26. mai 160212. august 1674) var ein flamsk-fransk barokkmålar, ein av dei aller fremste innan fransk målarkunst på 1600-talet.

Philippe de Champaigne

Sjølvportrett, mellom 1625 og 1650
Statsborgarskap Kongedømet Frankrike, De sørlige Nederlandene
Fødd 26. mai 1602
Brussel
Død

12. august 1674 (72 år)
Paris

Yrke kunstmålar, bygningstegner
Sjanger portrett, sjangerkunst, historiemåleri, religiøs kunst, vanitas
Medlem av Académie royale de peinture et de sculpture
Ektefelle Charlotte Duchesne
Born Catherine de Sainte-Suzanne
Philippe de Champaigne på Commons
Det siste måltidet, ca. 1652

Liv og gjerning endre

Champaigne var fødd i Brussel og voks opp der i tronge kår. Han gjekk i lære hos landskapsmålaren Jacques Fouquières. I 1621 flytta han til Paris, der han i lag med Nicolas Poussin arbeidde med å dekorere Palais du Luxembourg. Utsmykkingsarbeidet vart leia av Nicolas Duchesne, Champaigne sin komande svigerfar.

Etter at Duchesne døydde, arbeidde Champaigne for dronningmora Marie de Medici og for kardinal Richelieu. Kardinalen gav Champaigne ei rad oppdrag, målaren dekorerte både kardinalen sitt palass, kuppelen på Sorbonne-kyrkja, samt andre bygningar. I 1648 var Champaigne med på å grunnlegge Académie Royale de Peinture.

Omkring 1640 kom Champaigne under påverknad frå jansenismen. Etter at den lamma dottera hans på mirakuløst vis skal ha vorte lækt ved nonneklosteret i Port-Royal, måla han i 1662 det berømte, men utypiske måleriet Ex-Voto.

Champaigne laga eit veldig stort tal måleri, hovudsakleg religiøse verk og portrett. Tidleg i livet var han påverka av Rubens, seinare vart stilen meir asketisk.

Han døydde i Paris.

Måleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Philippe de Champaigne