Steinkobbe

pattedyrart
(Omdirigert frå Phoca vitulina)
Steinkobbe
Steinkobbe
Steinkobbe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av steinkobbe
Utbreiinga av steinkobbe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Familie: Ekte selar Phocidae
Slekt: Phoca
Art: Steinkobbe P. vitulina
Vitskapleg namn
Phoca vitulina

Steinkobbe eller fjordsel (Phoca vitulina) er ein sel som lever i temperert til kjølig vatn langs kystane nord i Atlanterhavet og Stillehavet. Han er den vanlegaste selen ved norskekysten,[2] med ein bestand på nesten 6000 individ. Likevel vert arten rekna som nær truga (NT) på Svalbard, men er livskraftig (LC) langs fastlandet etter Norsk raudliste for artar frå 2021.[1]

Kjenneteikn endre

 
Steinkobbe i akvarium

Steinkobben er gråbrun med små flekkar, og er noko lysare på undersida. Hovudet er lite og rundt og skil seg såleis frå haverten, den andre vanlege selen ved norskekysten. Hannane er større enn hoene, og kan bli heile 180 cm lange med ei vekt på 130 kg. Hoer vert inntil halvannan meter.

Levesett endre

Steinkobben heldt seg ofte lenger inn mot land enn det haverten gjer. Han er vanleg i mange fjorder, og kan òg gå opp i elver. Arten er selskapeleg, og lever i større eller mindre flokkar. Dei føretek få eller ingen vandringar, men heldt seg til dei same områda mesteparten av tida.

Paringstida er om hausten, og hoa går drektig i om lag 9 månadar. Kvar ho får stort sett ei unge, som veg om lag 10 kg og vert fødd på land i juni eller juli.

Steinkobben lever for det meste av fisk, men tek òg blekksprut og reker.

Kjelder endre

  • Markussen, Nina: «Steinkobben» i Norges dyr, Cappelen 1992
  1. 1,0 1,1 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av steinkobbe Phoca vitulina for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.