Flamingoar
Dei seks artane av flamingoar utgjer familien Phoenicopteridae, einaste familien i ordenen Phoenicopteriformes. Dette er selskaplege fuglar som vadar. Dei lever både på den vestlege halvkula og den austlege halvkula, men er mest talrike på den austlege. Det er fire artar i Amerika og to artar i «den gamle verda».
Flamingoar | |
To flamingoar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Phoenicopteriformes |
Familie: | Flamingoar Phoenicopteridae Bonaparte, 1831 |
Namnet «flamingo» er frå portugisisk og har slektskap med ordet «flamme».
Skildring
endreFlamingoar er store fuglar med særs lange bein, lang hals og kraftig bøyg på nebbet. Hannen er større enn hoa.
Flamingokyllingar har grå fjørdrakt, medan farga på drakta hos vaksne individ varierer frå lys rosa til lys raud ettersom innhaldet av vassbakteriar og betakaroten i dietten varierer. Ein flamingo med god tilgjenge på mat får kraftfulle farger og er ein ettertrakta make. Ein kvit eller bleik flamingo er derimot usunn eller underernært. Flamingoar i fangenskap er eit unnatak, om dei ikkje får fôr med same innhald av karoten som frie fuglar slår dei over i ei bleik rosa farge.
Liste av artar
endreFlamingoar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Slekt Phoenicopterus
- Raudflamingo, Phoenicopterus ruber, American Flamingo
- Rosenflamingo,[3] Phoenicopterus roseus, Greater Flamingo
- Chileflamingo, Phoenicopterus chilensis, Chilean Flamingo
- Dvergflamingo, Phoenicopterus minor, Lesser Flamingo
Slekt Phoenicoparrus
- Andesflamingo, Phoenicoparrus andinus, Andean Flamingo
- Punaflamingo , Phoenicoparrus jamesi, James's Flamingo
Biletgalleri
endre-
Raudflamingo i National Zoo Washington, DC.
-
Dverglamingoar i flukt
-
Raudflamingo ein dyrepark i Frankfurt, som sannsynlegvis søv
-
Raudflamingo med egg
-
Raudflamingo med unge
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Flamingo» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2009.
Referansar
endre- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 3. november 2013
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- ↑ Syvertsen, P. O., Norsk navnekomité for fugl (NNKF). Endringer i norske navn på fuglearter i Vest-Palearktis. (Vedlegg) Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 7.8.2014)