Pia
Pia er eit kvinnenamn med opphav i det latinske ordet pius, 'from, respektfull, heiderleg'. Pia kan òg vera eit slektsnamn.
Pius er eit kjent pavenamn. «Pia» er knytt til Jomfru Maria, som i den katolske bøna «Salve Regina» som endar «O clemens, O pia, O dulcis Virgo Maria».
Pia har namnedag den 22. februar i Sverige og den 12. desember i Noreg.
Bruk
endreNamnet er kjent over store delar av verda. Det er særleg utbreidd i Danmark, der det var det 17. mest brukte med 24 866 brukarar, 0,91 % av alle kvinner. I Finland same året heitte 13 698 eller 0,52 % Pia og 7 116 eller 0,27 % Piia. I Sverige heitte 23 328 eller 0,51 % Pia i 2006.
I Noreg heitte 2 820 kvinner Pia i 2008. Bruken av namnet har vore i vekst sidan 1940, med toppar rundt 1970, 1990 og 2005, då bruken som døypenamn var rundt 0,30 %.
Kjende namneberarar
endre- Maria Pia av Savoia (1847-1911), dronning av Portugal
- Pia Kjærsgaard (f. 1947), dansk politikar
- Pia Tafdrup (f. 1952), dansk forfattar
- Pia Zadora (f. 1954), amerikansk skodespelar og songar
- Pia Gjellerup (f. 1959), dansk politikar
- Pia Myrvold (f. 1960), norsk-fransk formgjevar
- Pia Cramling (f. 1963), svensk sjakkspelar
- Pia Cayetano (f. 1966), filippinsk advokat og politikar
- Pia Tjelta (f. 1977), norsk skodespelar
- Pia Haraldsen (f. 1981), norsk programleiar og artist
Pia som slektsnamn
endre- Pascal Pia, fødd Pierre Durand (1903-1979), fransk forfattar
Annan bruk
endre- Pia de’ Tolomei er namnet på ein opera av Gaetano Donizetti. Hovudpersonen Pia bygger på ein skikkelse i Inferno av Dante.
- 614 Pia er namnet på ein hovudbelteasteroide.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pia» frå Wikipedia på bokmål, den 12. desember 2008.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Pia hjå Statistisk Sentralbyrå