Namnedagar i Sverige
«Namnsdag på härbret». Svensk namnedagsfeiring måla av Carl Larsson i 1898.
I Sverige har dei ein lang ubroten tradisjon for å feire namnedagar. Namedagsfeiringa går attende til før reformasjonen, og ulikt i mange andre land held skikken seg sterk i Sverige også etter at landet hadde gått over til protestantismen. Før reformasjonen vart namnedagane feira etter helgendagane. Den fyrste lista over namnedagar etter reformasjonen kom i 1749 i den offisielle svenske almanakken. Sidan har lista vorte endra fleire gonger, seinast i 2001 etter at ei arbeidsgruppe nedsett av Svenska Akademien hadde kome med framlegg. Planen er at lista skal gåast gjennom og reviderast om 15 år, det vil seie i 2016.
Sjå også
endreNamnedagane i Sverige
endreDette er ei liste over namnsdagane i Sverige sortert etter dato.
Kjelder
endreDenne artikkelen byggjer på «Lista över namnsdagar» henta frå Wikipedia på svensk 7. oktober 2006.