Pianokonsert nr. 15 av Mozart

Pianokonsert nr. 15 i B-dur, KV. 450 er ein pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart. Mozart komponerte solokonserten for ei rekkje konsertar ved Trattnerhof og Burgtheater i Wien dei første månadane av 1784, der han sjølv var solist i mars 1784.[1] [2]

Pianokonsert nr. 15 i B-dur
K. 450
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1784
Typisk lengd24:54
Satsar/akter3
ToneartB-dur

I eit brev til faren samanlikna Mozart denne konserten med den 16. konserten i D:

«Eg reknar begge som solokonsertar, som betyr at dei er krevjande; men den i B er vanskelegare enn den i D»[3]

Mange pianistar reknar faktisk denne som den vanskelegaste av alle pianokonsertane til Mozart.[4] Konserten er hovudsakleg vanskeleg på grunn av dei mange raske skalaene som må spelast perfekt, samt dei mange akkordskiftene som flyttar seg opp og ned på klaviaturet.

Verket er skrive for piano, fløyte, to oboar, to fagottar, to horn og strykarar. Konserten har tre satsar:

  1. Allegro
  2. Andante i Ess-dur
  3. Allegro

Kjelder endre

  1. Keefe, Simon s. (4 November 2001). «'An Entirely Special Manner': Mozart's Piano Concerto no. 14 in E Flat, K.449, and the Stylistic Implications of Confrontation». Music & Letters 82 (4): 559–581. doi:10.1093/ml/82.4.559. Henta 8. mars 2008. 
  2. Eisen, Cliff; Mozart, Wolfgang Amadeus; Wolff, Christoph; Zacharias, Christian (1994). «Music Reviews: Wolfgang Amadeus Mozart: Klavierkonzerte für Klavier und Orchester. Ausgaben für zwei Klaviere. Urtext; hrsg von. Christoph Wolff und Christian Zacharias». Notes (2nd Ser.) (Music Library Association) 51 (2): 733–737. JSTOR 10.2307/898906. doi:10.2307/898906. Henta 8. mars 2008. 
  3. Hutchings (s. 290)
  4. Steinberg

Bakgrunnsstoff endre