Pianokonsert nr. 16 av Mozart

Pianokonsert nr. 16 i D-dur, KV. 451, er eit konsertverk for piano, eller pianoforte, og orkester av Wolfgang Amadeus Mozart. Mozart komponerte verket som ein del av ei rekkje konsertar i Trattnerhof og Burgtheater i Wien dei første månadane av 1784, der han sjølv var solist.[1] Mozart skreiv at konserten var ferdig den 22. mars 1784 i katalogen sin, og framførte verket seinare same månad. Cliff Eisen har kome fra til at denne framføringa var den 31. mars 1784. [2]

Pianokonsert nr. 16 i B-dur
K. 451
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert22. mars 1784
Urframføring31. mars 1784
Typisk lengd23:29
Satsar/akter3
ToneartD-dur

Verket er skriven for solopiano, fløyte, to oboar, to fagottar, to horn, to trompetar, pauke og strykarar. Konserten er i tre satsar:

  1. Allegro assai
  2. Andante i G-dur
  3. Allegro di molto

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre