Pierre Choderlos de Laclos

Pierre Ambroise François Choderlos de Laclos () var ein fransk offiser og forfattar. Som forfattar er han særleg kjend for brevromanen Les liaisons dangereuses (Farlige forbindelser). Under den franske revolusjonen hadde han ei tid rang som general, og hadde ansvaret for ei omorganisering av dei franske styrkane.

Pierre Choderlos de Laclos

Fødd18. oktober 1741
FødestadAmiens
Død5. september 1803
DødsstadTaranto
Ranggeneral

De Laclos er eit unikt tilfelle i fransk litteratur: lenge var han rekna som like skandaløs som marquis de Sade eller Nicolas-Edme Rétif. Som militæroffiser og amatørforfattar stod han for eit kynisk syn på menneskelege samband. Likevel streva han etter å «skriva eit verk som går bort frå det ordinære, som kan laga støy, og som vil halda fram på jorda etter at han er død».[1] Han oppnådde målet sitt med Les liaisons dangereuses, som i dag er rekna som eit meisterverk frå litteraturen på 1700-talet. Romanen har inspirert ei rekkje analysar, dramatiseringar og filmatiseringar.

Liv og virke

endre

Militær karriere

endre

De Laclos var son av ein kongeleg tenestemann i Amiens, og det verker som han valde ein militær karriere tidleg. Han valde artilleriet, som ser ut til å ha appellert til sansen hans for matematikk. I 1777 fekk han i oppdrag å byggja opp ein artilleriskule i Drôme, som snart skulle få Napoléon Bonaparte som ein av elevane sine. De Leclos følte at han hadde evner og personlege ambisjonar som han ikkje fekk bruk for i det ørkeslause militærlivet, og byrja derfor å utforska det litterære feltet gjennom eiga skriving. I 1788 forlét han forsvaret for å via seg til intellektuelle aktivitetar.

Revolusjonen i 1789 gav de Laclos eit høve til å leva livet meir intenst, og til å arbeida for radikale politiske idear som han etter kvart hadde tileigna seg. Han deltok i fremste rekkje under marsjen mot Versailles 5. og 6. oktober 1789, og skreiv saman med Brissot petisjonen som førte til massakren på Marsmarka den 17. juli 1791

Han blei gjeven ei høg stilling i krigsministeriet, med ansvar for å omorganisera troppane til den unge republikken. Etter kvart fall han i unåde hjå dei skiftande makthavarane, og blei fengsla, skulda for å vera orléanist. Han blei lauslaten etter at Robespierre fall. I revolusjonsåra utførte de Laclos ballistiske eksperiment med ein ny type prosjektil fylt med krut, og blir rekna som oppfinnaren av granaten.

I sluttfasen av revolusjonen vart han kjend med den unge generalen Napoléon Bonaparte, som lik han sjølv hadde bakgrunn frå artilleriet. Han slutta seg til Napoleon sitt politiske program, og 16. januar 1800 blei han gjeninnsett i forsvaret med rang som brigadegeneral. Han fekk kommandoen over Rhin-armeen, og deltok i slaget ved Biberach. Seinare blei han overført til Italia. Her blei han angripen av dysenteri og malaria, og døydde i Taranto i september 1803. Under restaurasjonen blei grava hans i Taranto fjerna.

Litterær verksemd

endre

For å få ei avveksling frå det keisame militærlivet byrja de Laclos å via seg til litterære syslar på 1770-talet. Det fyrste større verket hans var ein opéra comique med tittelen Ernestine. Denne var ein fiasko, og blei berre oppført éin gong, med dronning Marie-Antoinette til stades.

I 1781 tok han eit halv års permisjon for å via seg heilt til skriving, og fekk då fullført det som skulle bli hovudverket hans – Les Liaisons dangereuses – som straks blei ein salssuksess og kom ut i mange opplag. Verket er ein brevroman med ein mannleg og ein kvinneleg hovudperson – markien av Valmont og markisa av Merteuil – som begge er utprega libertinarar som driv eit kynisk erotisk spel med dei inkjeanande offera sine. Men begge får den velfortente straffa si til slutt: Markien blir dødeleg såra i ein duell, medan markisa blir ramma av brannkoppar og får det vakre ansiktet sitt øydelagt.

Romanen blei sett på som eit angrep på aristokratiet, og blei ikkje nådig motteken av dei overordna til de Laclos. Mange ser han som ein hemn over aristokratiet for audmjukingane som den lågadelege de Laclos hadde måtta tola frå dei verkeleg adelege.

Bibliografi

endre
  • Ernestine (1777)
  • Les Liaisons dangereuses (1782) – norsk omsetjing 1990: Farlege samband ISBN 82-02-12463-8
  • De l'éducation des femmes (1783)
  • Instructions aux assemblées de bailliage (1789)
  • Journal des amis de la Constitution (1790–1791)
  • De la guerre et de la paix (1795)

Kjelder

endre