Pierre Quinon (20. februar 196217. august 2011) var ein fransk friidrettsutøvar frå Lyon som tevla i stavsprang. Han vart olympisk meister i øvinga i 1984. Quinons personlege rekord var på 5,90 m og oppnådd i 1985, ti centimeter under den dåverande verdsrekorden.

Pierre Quinon


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 20. februar 1962
3rd arrondissement of Lyon
Død 17. august 2011 (49 år)
Hyères
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1984

Aktiv

endre

Quinon sette ny verdsrekord i stavsprang 28. august 1983 i Köln, då han gjekk over 5,82 meter, ein centimeter høgre enn Vladimir Poljakov sin rekord. Hans tid som verdsrekordhaldar varte i berre fire dagar. Landsmannen Thierry Vigneron forbetra rekorden med eit hopp på 5,83 meter i Roma den 1. september

Quinon vart olympisk gullmedaljør i stavsprang under OL 1984 i Los Angeles. Han svinga seg over 5,75 m, ti centimeter høgre enn Mike Tully frå USA, som kom på andre plass. Earl Bell frå USA og Thierry Vigneron delte tredjeplassen med 5,60 m. Dette var einaste gongen Quinon hevda seg i dei store internasjonale meisterskapane.

Han la opp som som stavhoppar i 1993, og dreiv sidan i restaurantnæringa i Sør-Frankrike.

Quinon tok sitt eige liv i Hyères den 17. august 2011, 49 år gammal.[1]

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre
Fotnotar

Bakgrunnsstoff

endre