Pinewood Smile
Pinewood Smile Studioalbum av The Darkness | ||
Utgjeve | 6. oktober 2017 | |
Studio | Vada Studios (Worcestershire) | |
Sjanger | ||
Lengd | 36:16 | |
Selskap | Canary Dwarf, Cooking Vinyl | |
Produsent | Adrian Bushby | |
The Darkness-kronologi | ||
---|---|---|
Last of Our Kind (2015) |
Pinewood Smile | Live at Hammersmith (2018)
|
Singlar frå Pinewood Smile | ||
|
Pinewood Smile er det femte studioalbumet til det britiske hardrockbandet The Darkness. Det var produsert av Adrian Bushby og kom ut 6. oktober 2017. Det var det første albumet deira som kom ut på Cooking Vinyl og det første heile albumet med Rufus Tiger Taylor på trommer, etter at Emily Dolan Davies slutta i bandet i 2015.
Bakgrunn
endreDetaljar om albumet vart først avslørte i mars 2017 på Facebook-sida til bandet, og var estimert å kome ut seint i 2017. Albumet vart spelt inn i Vada Recording Studios i Worcestershire og var produsert av den prisvinnande produsenten og lydteknikaren Adrian Bushby, som har arbeidd med andre rockeband som Muse, Foo Fighters og Smashing Pumpkins. Same dagen gav bandet ut den første singelen frå albumet, «All the Pretty Girls». Tre andre singlar frå albumet — «Solid Gold» og «Southern Trains»[1][2] kom òg ut, to av dei før albumet 18. august og 25. september, medan «Happiness» kom ut 24. november.
Eit konsertopptak av «Buccaneers of Hispaniola» kom ut på singel i april 2018 før konsertalbumet Live at Hammersmith[3]
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 71/100[7] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [4] |
Clash | 6/10[5] |
Pitchfork | 4.8/10[6] |
Pinewood Smile fekk generelt positive meldingar frå musikkritikarane. På Metacritic, som gjev ein vekta karakter opp til 100 basert på offisielle meldingar, har albumet ein gjennomsnitleg score på 71 basert på sju meldingar.[7] Kerrang! rangerte abumet som det 23. beste i 2017 på årslista si.[8]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Dan Hawkins, Justin Hawkins, Frankie Poullain og Rufus Tiger Taylor.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «All the Pretty Girls» | 3:18 |
2. | «Buccaneers of Hispaniola» | 3:06 |
3. | «Solid Gold» | 4:32 |
4. | «Southern Trains» | 2:52 |
5. | «Why Don't the Beautiful Cry?» | 3:36 |
6. | «Japanese Prisoner of Love» | 4:19 |
7. | «Lay Down with Me, Barbara» | 4:05 |
8. | «I Wish I Was in Heaven» | 3:21 |
9. | «Happiness» | 3:13 |
10. | «Stampede of Love» | 3:54 |
Total lengd: | 36:16 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Uniball» | 3:33 |
12. | «Rack of Glam» | 3:44 |
13. | «Seagulls (Losing My Virginity)» | 3:54 |
14. | «Rock in Space» | 3:33 |
Total lengd: | 51:00 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
15. | «Why Don´t the Beautiful Cry» (demo) |
- Vinylutgåva kom utan sporet «Happiness» på grunn av avgrensa plass.
Medverkande
endreThe Darkness
endre- Justin Hawkins – vokal, gitar, piano
- Dan Hawkins – gitar, korvokal
- Frankie Poullain – bass, korvokal
- Rufus Tiger Taylor – trommer, korvokal
Produksjon
endre- Adrian Bushby - miksing, plateprodusent
- George Perks - lydteknikar
- Mike Marsh - mastering
Salslister
endreListe (2017) | Plassering |
---|---|
Australske album (ARIA)[9] | 17 |
Skotske album (OCC)[10] | 8 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[11] | 90 |
Britiske album (OCC)[12] | 8 |
UK Rock & Metal Albums (OCC)[13] | 1 |
US Billboard 200[14] | 190 |
US Top Hard Rock Albums (Billboard)[15] | 10 |
US Top Rock Albums (Billboard)[16] | 37 |
Singlar
endreSolid Gold nådde femteplassen på Kerrang! Rock Chart i september 2017[17] medan Southern Trains nådde 14. plassen på den same lista i oktober same året.[18]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pinewood Smile» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Darkness lay into Southern Trains on New Single». 26. september 2017.
- ↑ «Google Play Album The Darkness Southern Trains». 25. september 2017.
- ↑ «Darkness announce live at hammersmith». 25. april 2018.
- ↑ Monger, James Christopher. «Pinewood Smile - The Darkness». AllMusic. Henta 11. mai 2022.
- ↑ Gray, Josh (16. oktober 2017). «The Darkness - Pinewood Smile». Clash. Henta 11. mai 2022.
- ↑ Cohen, Ian (12. oktober 2017). «The Darkness: Pinewood Smile». Pitchfork. Henta 11. mai 2022.
- ↑ 7,0 7,1 «Pinewood Smile by The Darkness». Metacritic. Henta 11. mai 2022.
- ↑ «Rocklist.net...Kerrang! Lists Page 1».
- ↑ "The Darkness – Pinewood Smile". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 11. mai 2022.
- ↑ "20171013 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. mai 2022.
- ↑ "The Darkness – Pinewood Smile". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 11. mai 2022.
- ↑ "20171013 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. mai 2022.
- ↑ "Official Rock & Metal Albums Chart Top 40". Official Charts Company. Retrieved 11. mai 2022.
- ↑ "The Darkness Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Darkness. Prometheus Global Media. Henta 11. mai 2022.
- ↑ "The Darkness Album & Song Chart History" Billboard Top Hard Rock Albums for The Darkness. Prometheus Global Media. Henta 11. mai 2022.
- ↑ "The Darkness Album & Song Chart History" Billboard Top Rock Albums for The Darkness. Prometheus Global Media. Henta 11. mai 2022.
- ↑ Kerrang! Rock Chart, Kerrang!, issue 1688, page 14.
- ↑ Kerrang! Rock Chart, Kerrang!, issue 1693, page 14.