Last of Our Kind
Last of Our Kind Studioalbum av The Darkness | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. mai 2015 | |
Innspelt | 2014-2015 i The Hawks Nest (Norfolk) | |
Sjanger | ||
Lengd | 41:27 | |
Selskap | Canary Dwarf | |
Produsent | Dan Hawkins | |
The Darkness-kronologi | ||
---|---|---|
Hot Cakes (2012) |
Last of Our Kind | Pinewood Smile (2017)
|
Singlar frå Last of Our Kind | ||
|
Last of Our Kind er det fjerde studioalbumet til av det britiske hardrockbandet The Darkness. Det vart produsert av gitaristen i bandet, Dan Hawkins, i studioet hans The Hawks Nest i Norfolk, og kom ut 27. mai 2015 i Japan, og seinare i andre område på Canary Dwarf Records. Albumet er det første og einaste med trommeslagaren Emily Dolan Davies, som erstatta Ed Graham i 2014 før ho slutta mindre enn eit år seinare. Frankie Poullain syng solovokal for første gongen på eit Darkness-album då han song det siste sporet «Conquerors». Albumet vart marknadsført via PledgeMusic og bandet tilbaud signerte eksemplar av albumet på både CD og vinyl, i tillegg til signerte gitarar, hanskrivne tekstark og setlister frå arkivet deira.[1]
Innspeling og produksjon
endreLast of Our Kind vart skrive i Irland og så produsert av gitaristen Dan Hawkins i heimestudioet hans i Leeders Farm i Norfolk.[2] Kring femten songar vart vurderte for den endelege utgjevinga. Ti songar kom ut på standardutgåva, medan den japanske utgåva og Best Buy-utgåva inneheld to eksklusive bonusspor. Ein annan song – «Million Dollar Strong» – vart spelt på konsertane deira under ein oppvarmingsturné i Irland i mars 2015.[3] Ei spesialutgåve av albumet kom òg ut i november 2015 med fire bonusspor.
Musikk og tekst
endreFrontmannen Justin Hawkins har skildra albumet som «brutalt», og la til at «Det er definitivt strippa ned med unntak av somme mandolinar. Men når du gjer mellomaldersk rock, bør du ha med mandolin. Det er mellomalderrock, men det høyrest ut som The Darkness. Det er medi-urban, kanskje».[2] Han forklarte tydinga av tekstane og sa at dei «skildrar vikinginvasjonen av Aust-Anglia, som kulminerte med halshogginga av Edmund martyren», og skildra det grunnleggjande temaet som «klassisk Darkness».[2]
Utgjeving
endreDen første songen som vart avslørt frå albumet var «Barbarian», som kom ut 23. februar, samstundes med at albumet vart annonsert.[2][4] «Barbarian» kom ut som den første singelen frå albumet den 8. mars 2015. Det vart sett opp ei PledgeMusic-side for å marknadsføre albumet før det kom ut.[5] Bande tla ut på ein turné i Irland i mars 2015, før utgjevinga av Last of Our Kind.[6] Den andre singelen frå albumet, «Open Fire», hadde premiere 23. mars, etterfølgd av ei offisiell utgjeving 25. mai 2015.[7] Etter at Emily Dolan Davies slutta i bandet, heldt The Darkness den første konserten sin med den noverande trommeslagaren sin, Rufus Taylor, sonen til Queen-trommeslagaren Roger Taylor, ein lanseringsfest for albumet for fansen i Gibson Guitar Studio i London 23. april.[8] Ein tredje singel, «Last of Our Kind», kom ut 29. juli, med ein musikkvideo laga i studio, som syner bandet i lag med utvalde fans.[9] Albumet kom ut på ny 20. november 2015, med eit alternativt plateomslag med juletema og fire bonusspor, inkludert singlane «Million Dollar Strong» og «I Am Santa».[10]
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 63/100[11] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [12] |
Kerrang! | [13] |
Classic Rock | [14] |
Spectrum Culture | [15] |
Journalist J.C. Maçek III i Spectrum Culture skreiv «Dette fjerde albumet vart produsert av gitaristen Dan Hawkins, som syner seg som eit geni med denne musikkstilen, særskild når det gjeld å framkalle dei mest primale skrika frå broren, vokalisten Justin Hawkins.»[15]
Innhald
endreAlle songane skrivne og komponerte av Justin Hawkins, Dan Hawkins og Frankie Poullain; «Mudslide» og «Messenger» skriven i lag med Emily Dolan Davies, «I Am Santa» skriven i lag med Rufus Taylor.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Barbarian» | 3:34 |
2. | «Open Fire» | 4:01 |
3. | «Last of Our Kind» | 4:09 |
4. | «Roaring Waters» | 4:38 |
5. | «Wheels of the Machine» | 3:07 |
6. | «Mighty Wings» | 5:46 |
7. | «Mudslide» | 3:25 |
8. | «Sarah O'Sarah» | 3:52 |
9. | «Hammer & Tongs» | 4:02 |
10. | «Conquerors» | 4:55 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Messenger» | 3:50 |
12. | «Always Had the Blues» | 5:11 |
13. | «Million Dollar Strong» | 3:09 |
14. | «I Am Santa» | 4:24 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Messenger» | 3:50 |
12. | «Always Had the Blues» | 5:11 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «Million Dollar Strong» | 2:58 |
Medverkande
endre- Justin Hawkins – vokal, gitar
- Dan Hawkins – gitar, produsent
- Frankie Poullain – bass, vokal («Conquerors»)
- Emily Dolan Davies – trommer
- Rufus Tiger Taylor - trommer («I Am Santa»)
- Andre
- Trevor Weston – monolog («Barbarian»)
- 236 The Darkness-fans – vokal («Last of Our Kind»)
- Teknisk
- Phillis Darkling – kunstnarisk leiar, design
- Nick Roche – kunst (framside)
- Christian Furr – kunst (bakside)
- Thom Lessner – kunst (illustrasjonar)
- Kevin Smith – design på nett
- Simon Emmett – fotografi
Salslister
endreListe (2015) | Plassering |
---|---|
Australske album (ARIA)[17] | 23 |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[18] | 53 |
Tyske album (Media Control)[19] | 56 |
Irske album (IRMA)[20] | 49 |
Italienske album (FIMI)[21] | 36 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[22] | 43 |
Britiske album (OCC)[23] | 12 |
UK Rock Chart[24] | 1 |
UK Indie Chart[25] | 2 |
UK Vinyl Chart | 4 |
US Billboard 200[26] | 125 |
US Top Rock Albums (Billboard)[27] | 13 |
US Top Hard Rock Albums (Billboard)[28] | 2 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Last of Our Kind» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Darkness: Last Of Our Kind». Arkivert frå originalen 7. desember 2021. Henta 12. mai 2022.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «The Darkness: 'Last Of Our Kind' Album Due In June; 'Barbarian' Video Released». Blabbermouth.net. 23. februar 2015. Henta 12. mai 2022.
- ↑ Chromeboy2003 (19. mars 2015). «The Darkness – Million Dollar Strong, Live at Dolans Warehouse, Limerick Ireland, 14. mars 2015» – via YouTube.
- ↑ Leight, Elias (23. februar 2015). «Exclusive Premiere: The Darkness Return With 'Barbarian' Video». Billboard. Henta 23. februar 2015.
- ↑ «The Darkness Return with Viking-Themed Song ‘Barbarian’, New Album ‘Last of Our Kind’ (Audio)». Rock Cellar Magazine. 23. februar 2015. Arkivert frå originalen 23. februar 2015. Henta 12. mai 2022.
- ↑ «The Darkness Unleash Barbarian». Classic Rock (TeamRock). 23. februar 2015. Henta 12. mai 2022.
- ↑ «THE DARKNESS: New Single 'Open Fire' Available For Streaming». Blabbermouth.net. 23. mars 2015. Henta 11. mai 2022.
- ↑ «The Darkness Setlist at Gibson Guitar Studio, London». setlist.fm.
- ↑ «Premiere: The Darkness' brand new video». www.gigwise.com.
- ↑ «THE DARKNESS To Release Deluxe Edition Of 'Last Of Our Kind' Featuring Four New Songs». 30. oktober 2015.
- ↑ «Last of Our Kind by The Darkness». Metacritic. Henta 11. mai 2022.
- ↑ James Christopher Monger (11. august 2015). «Last of Our Kind». AllMusic.
- ↑ «Last of Our Kind». Kerrang!. 30. mai 2015.
- ↑ Everley, Dave (11. mai 2015). «The Darkness: Last Of Our Kind». Classic Rock. Henta 11. mai 2022.
- ↑ 15,0 15,1 J.C. Maçek III (7. juli 2015). «Last of Our Kind». Spectrum Culture.
- ↑ «Last of Our Kind (Deluxe Edition) by The Darkness on Apple Music».
- ↑ "The Darkness – Last of Our Kind". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 11. mai 2022.
- ↑ "The Darkness - Last of Our Kind" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 11. mai 2022.
- ↑ "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 11. mai 2022.
- ↑ "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 11. mai 2022.
- ↑ "The Darkness – Last of Our Kind". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 11. juni 2015.
- ↑ "The Darkness – Last of Our Kind". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 11. mai 2022.
- ↑ "The Darkness | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. mai 2022.
- ↑ «Rock Albums». BBC.
- ↑ «Indie Albums». BBC.
- ↑ "The Darkness Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Darkness. Prometheus Global Media. Henta 11. juni 2015.
- ↑ "The Darkness Album & Song Chart History" Billboard Top Rock Albums for The Darkness. Prometheus Global Media. Henta 11. juni 2015.
- ↑ "The Darkness Album & Song Chart History" Billboard Top Hard Rock Albums for The Darkness. Prometheus Global Media. Henta 11. juni 2015.